Louis Daguerre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
L.J.M. Daguerre avbilda 1844

Louis Jacques Mandé Daguerre (18. november 178710. juli 1851) var ein fransk oppfinnar, kjemikar, fotograf og kunstnar. Han fann opp daguerrotypien, som var ein forløpar til moderne fotografi.

Daguerre arbeidde som teatermålar i Paris frå 1807 til 1818. Her utvikla han i 1822 ein kulisse som vart kalla diorama, som gjorde det mogleg raskt å skifte bakgrunnsbilete på scena. I produksjonen av desse bileta brukte Daguerre camera obscura.

Gjennom arbeidet med camera obscura kom Daguerre i kontakt med Nicéphore Niepce , og dei innleidde eit samarbeid der dei ekperimenterte med forskjellige metallfilmar. Omkring 1831 lyckades framstilte han plater med eit tynt sjikt lyskjenleg sølvjodid, og i 1837 oppdaga han at ein kunne fiksere sølvjodidet med salt. Oppfinninga gjorde det mogleg å ta varige bilete, og denne oppfinninga fekk namnet daguerrotypi.

Daguerre har også gitt namn til eit krater på månen og asteroide 3256 Daguerre.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Daguerreotypen (1839) (svenska), tillgänglig på nätet via runeberg.org
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Louis Daguerre