Lovozerskij rajon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lovozerskij (raud) si plassering på Kola-halvøya

Lovozerskij rajon er ein rajon, eller kommune, i Murmansk oblast i Russland. Kommunen har 13915 innbyggjarar, og er 52 978,4 kvadratkilometer. Busetnaden er fordelt på to tettstader, Lovozero og Revda. Kommunen har fått namnet sitt frå sjøen Lovozero, Lujávrsamisk. Ca. 4000 av innbyggjarane bur i Lovozero.

Lovozero ligg 200 km frå Murmansk og 85 km frå Olenegorsk.

Dei fleste samane i Russland bur i Lovozero, etter at den sovjetiske sentraliseringspolitikken på slutten av 1950-talet samla dei fleste av dei frå Kolahalvøya og hit. I tillegg bur det komiar og nenetsar der, etterkommarar av komiar og nenetsar som kom over Kvitsjøen på slutten av 1800-talet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.