Lucmagnpasset

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hospits ved Lucmagnpasset med dammen Lai da Sontga Maria

Lucmagnpasset eller Lukmanierpasset er ein fjellovergang i Sveits som knyter saman kantonane Graubünden og Ticino. Fjellvegen går frå dalen Surselva i Graubünden til Valle di Blenio i Ticino. Lucmagnpasset er den einaste fjellovergangen i Sveits som kryssar hovudkammen i Alpane i ei høgde lågare enn 2 000 meter over havet.

Frå nord tek fjellvegen til i Disentis/Mustér. Vegen går opp gjennom dalen Medel (Lucmagn) og når sitt høgste punkt på 1 972 moh. Sjølve passhøgda ligg litt lenger sør på 1 914 moh. Vegen gå så gjennom Valle di Blenio fram til Biasca.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Fjellovergangen vart ei viktig ferdselsåre på 800-talet, då klosteret i Disentis vart grunnlagt. Lucmagnpasset var i lang tid eit av dei viktiagste nord–sør-samnbanda gjennom Alpane. Med tida spela det ei mindre rolle, til fordel for Settimo-, Splügen- og Sankt Gotthard-passet.

Køyrevegen over fjellet vart ferdig i 1877, men reiseruta over Lucmagnpasset kom ikkje tilbake til rolla ho hadde i mellomalderen. Mesteparten av nord–sør-trafikken mellom Graubünden og Ticino går sidan 1980 gjennom St. Gotthard-tunnelen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Lucmagnpasset