Ludwig Boltzmann

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ludwig Eduard Boltzmann
Boltzmann2.jpg
Ludwig Boltzmann
Fødd 20. februar 1844
Wien, Det austerrikske riket (dagens Austerrike)
Død 5. september 1906 (62 år)
Tybein nær Trieste i Austerrike-Ungarn (dagens Duino i Italia)
Bustad Austerrike, Tyskland
Nasjonalitet austerriksk
Område Fysikar
Alma mater Universitetet i Wien
Doktorgradsrettleiar Josef Stefan
Doktorgradsstudentar Paul Ehrenfest
Philipp Frank
Gustav Herglotz
Franc Hočevar
Ignacij Klemenčič
Andre kjende studentar Lise Meitner
Kjend for Boltzmannkonstanten
Boltzmannlikninga
Boltzmannfordelin
H-teorem
Maxwell-Boltzmann-fordeling
Stefan–Boltzmann-konstanten
Stefan–Boltzmann-lova

Ludwig Boltzmann (20. februar 18445. september 1906) var ein austerriksk fysikar.

Han vart professor i Graz 25 år gammal, og seinare i Wien, München og Leipzig. Arbeidet til Boltzmann omfattar termodynamikk, statistisk mekanikk, kinetisk gassteori, elektrodynamikk og meir. Han utdjupa omgrepet entropi og forbatt dette med statistisk sannsyn. Han handsama læraren sin J. Stefan sine undersøkingar av stråling frå svarte lekamar og formulerte Stefan-Boltzmann-lova for svart stråling. Han formulerte ekvipartisjonsprinsippet i den kinetiske gassteorien, som seier at energien til molekyla i ein gass i middel fordeler seg likt på kvar fridomsgrad til molekylet. Han utleia Maxwell–Boltzmanns hastigheitsfordelingslov for molekyla i ein gass, uavhengig av arbeidet til James Clerk Maxwell og på ein meir generell måte. Til ære for Boltzmann vert den konstanten som blir nytta for å angje den midlarane energien per grad av eit molekyl i ein gass for Boltzmannkonstanten, sjølv om Boltzmann visstnok sjølv aldri tilla denne konstanten noko universell tyding. Han har verdien 1,38·10–23 joule/kelvin.

Boltzmann vert rekna som ein av dei største fysikarane på 1800-talet. Arbeidet hans kan stort sett reknast som avsluttinga på den klassiske fysikken, men vart til i ein periode då den moderne fysikken byrja å ta form, og har vore grunnlag for mellom anna nokre av Max Planck og Albert Einstein sine arbeid.

Boltzmann vart æresdoktor ved Universitetet i Oslo i 1902.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Ludwig Boltzmann. (2009, 14. februar). I Store norske leksikon. Henta 4. november 2013 frå http://snl.no/Ludwig_boltzmann.