Albert Einstein

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Portrett av Albert Einstein
Foto: Doris Ulmann

Albert Einstein (14. mars 187918. april 1955) var ein tysk-jødisk teoretisk fysikar og nobelprisvinnar som er mest kjend for å ha formulert relativitetsteorien.

Livsskildring[endre | endre wikiteksten]

Einstein vart fødd i Ulm i det daverande kongeriket Württemberg i Tyskland, men voks opp i München. Som tenåring flytte han åleine til Sveits for å bli student (men han strauk på opptaksprøvene til skulen i det første forsøket). I 1896 sa han frå seg sitt tyske statsborgarskap for å sleppa å gjera militærteneste, og byrja som lærarstudent ved Eidgenössische Technische Hochschule Zürich (Zürich polytekniske institutt). Han var gløgg, men utmerkte seg ikkje som nokon lynskarp elev.

I 1900 vart Einstein uteksaminert som lærar i matematikk og fysikk, og fann ut at han ville prøva å få ein vitskapleg artikkel som han hadde skrive, på trykk i tidsskriftet Annalen der Physik. Artikkelen, som vart godteken, tok føre seg eigenskapane til væsker i sugerøyr. I det same nummeret som Einstein sin artikkel vart trykt, publiserte Max Planck sin kvanteteori.

Etter dette forfatta Einstein ei rekkje vitskaplege artiklar, trass i at han ikkje hadde tilgang til noko laboratorium og ikkje var tilknytta noko universitet. Dei fleste handla om statikk. I etterkant gjorde han den same, skuffande oppdaginga som Planck hadd gjort tidlegare i sin karriere, at alt arbeidet han presenterte i artiklane sine, hadde vore gjort før, berre aldri publisert i noko internasjonalt kjent tidsskrift, av den produktive, men smålåtne J. Willard GibbsYale-universitetet i Sambandsstatane.

Einstein fekk ei dotter i 1901 saman med matematikkstudenten Mileva Maric, men fekk aldri sjå barnet, som straks vart adoptert bort. I 1902 tok han seg jobb som Vorprüfer (teknisk testar) av tredje grad ved patentkontoret i Bern. Han likte arbeidet og blei i stillinga i sju år. På fritida pusla han med teoretisk fysikk og heldt fram med å skriva artiklar. I 1903 gifta han og Mileva seg.

I 1905 hadde Einstein sitt Annus mirabilis som fysikar. Tre av dei fem artiklane han dét året publiserte i Annalen der Physik vert rekna blant dei største verka gjennom tidene innan fysikken. For den første av dei fekk han omframt ein Nobelpris, men dét skjedde først mange år seinare. Det vekte ikkje straks åtgaum at Einstein hadde løyst fleire av dei største mysteria i universet, og han fekk ikkje noko gjennombrot på grunn av dette. Han søkte på jobb som førelesar ved universitetet, men fekk avslag. Like etterpå prøvde han å få arbeid som lærar på ein ungdomsskule, men fekk avslag igjen. Ein søknad om forfremjing til teknisk testar av andre grad vart òg avslått. Så han heldt fram som testar av tredje grad på patentkontoret.

I tida mellom 1907 og 1917 funderte Einstein først og fremst på problemet med å forklara gravitasjon. Dette teoretiske arbeidet kulminerte i hans aller viktigaste verk: den generelle relativitetsteorien, publisert tidleg i 1917. To år etter var den første verdskrigen over, og Einstein vart med eitt kjend over heile verda.

I 1919 skilde han seg frå Mileva og gifte seg med syskenbarnet sitt Elsa Löwenthal.

Å verta «verdskjendis» er uvanleg for vitskapsfolk. Etter kvart vart Einstein meir kjend enn nokon forskar gjennom historia. I folkeleg kultur har mest ordet «einstein» kome til å bli brukt som eit anna ord for flogvit eller geni.

Den generelle relativitetsteorien står verkeleg i ein særklasse blant vitskaplege verk. Forfattaren C.P. Snow har påstått at sjølv om den spesielle relativitetsteorien frå 1905 var revolusjonerande og viktig, var tida moden for idéen, og einkvan ville ha kome på han innan fem års tid uansett. Men hadde ikkje Einstein tenkt ut den generelle relativitetsteorien, ville vi truleg ha venta på forklaringa den dag i dag.

Einstein døydde i Princeton i New Jersey i Sambandsstatane (USA) i 1955. Han donerte hjernen sin til forsking.

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Einstein vart i 1921 tildelt Nobelprisen i fysikk for si utforsking av den fotoelektriske effekten og for sitt arbeid med teoretisk fysikk.

I 1999 vart Einstein kåra til den viktigaste personen på 1900-talet av tidsskriftet Time Magazine.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Albert Einstein