Luftmotstand
Luftmotstand er den bremsande verknaden til lufta på lekamar i rørsle eller tilsvarande vindkrefter på lekamar i ro. Det same prinsippet gjeld om ein lekam flyttar seg gjennom ei væske, og effekten vert då kalla væskemotstand.
Noko av luftmotstanden skuldast friksjon mellom overflata til lekamen og lufta som stryk langs han. Ein annan del av motstanden kjem av trykkskilnaden i lufta føre og bak lekamen. Bak lekamen blir det skapt virvlar og i virvlane er det undertrykk. Summen av trykkreftene på heile lekamen blir difor retta mot rørsleretninga. Luftmotstanden aukar sterkt med farten, og difor vil lekamar som fell, raskt få konstant fallhastigheit, ein såkalla terminalfart. Ein fallskjermhoppar kan få ein fart på kring 50 m/s før skjermen er folda ut. Regndråpar har ein fart i tilhøve til lufta på nesten null til bortimot 10 m/s, avhengig av dråpestorleiken.
Motstandskrafta (
) som virkar på ein lekam som flyttar seg gjennom eit medium, gass eller væske, er gjeve ved formelen:

der:
er dragkoeffisienten for lekamen- ρ (gresk bokstav rho) er tettleiken til mediet
- A er arealet av det tverrsnittet av lekamen som står normalt på (på tvers av) straumretninga
- v er den relative snøggleiken til lekamen i forhold til mediet (gassen eller væska)
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Luftmotstand» frå Wikipedia på bokmål, den 26. september 2009.
- luftmotstand. (28.02.2013) I Store norske leksikon. Henta frå: http://snl.no/luftmotstand
er