Luxor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Luxor, أَلْأُقْصُر
Ei gate i Luxor, oktober 2004.
Ei gate i Luxor, oktober 2004.
Styresmakter
Land
Guvernement
Egypt
Luxor
Geografi
Flatevidd
 - By

416 km²
Innbyggjarar[1]
 - By (2006)

451,318
Koordinatar 25°41′″N 32°39′″EKoordinatar: 25°41′″N 32°39′″E
Tidssone +2 (UTC)
Diverse anna
Heimeside: http://www.luxor.gov.eg

Luxor, (arabisk: أَلْأُقْصُر - Al 'Uqṣur), er ein by langs austbreidda av Nilen i Egypt og hovudstad i guvernementet Luxor.

Luxor ligg på same staden som den egyptiske oldtidsbyen Theben. Namnet Luxor tyder «borgene», og kjem av dei veldige ruinane etter Theben som finst her. Luxor er særleg kjend for Kongedalen og Dronningdalen som hyser mange store graver etter herskarane av det gamle Egypt. I nærleiken av Luxor ligg også ruinane etter templet etter dronning Hatshepsut, Karnak-templet, minnetemplet etter farao Ramses II og minnetemplet etter farao Ramses III. Ruinane etter Theben ligg på UNESCO si verdsarvliste.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]