Lykisk
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lykisk er eit utdøytt anatolisk språk som vart tala i Lykia. Det er nærskyldt med Luvisk. Det er kjent frå kring 150 innskrifter frå 400–200-talet f.Kr., for det meste stutte innskrifter på graver. Til somme innskriftene finst det òg gresk tekst som ikkje svarer heilt til den lykiske, men som har gjort det mogeleg å tyda denne.
Det lykiske alfabetet byggjer på det greske. Dei fonetiske verdiane til dette alfabetet vart i stor grad funne ut av i andre halvdelen av 1800-talet.
Kjelder [endre]
- Store norske leksikon, snl.no, «Lykisk»