Palaisk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Palaisk er eit utdøytt indoeuropeisk språk i Anatolia som er dokumentert i kileskrifttavler frå  bronsealderbyen Hattusa, hovudstaden til hettittane. Namnet til språket på hettittisk er palaumnili, eller «av folket frå Pala»; Pala låg antakeleg nordvest for det hettittiske kjerneområdet, dvs. nordvest av dagens Tyrkia. Regionen hadde stor innvandring av kaskarar på 1400-talet f.Kr., eit ikkje-indoeuropeisk stammefolk frå fjella i pontoske Anatolia mot Svartehavet. Det er sannsynleg at palaisk døydde ut i denne perioden.

Alt vi veit om språket er frå CTH 750-754 frå Emmanuel Laroches katalog av hettittiske tekster, og hettittiske tekstar andre stadar som siterer avsnitt på palaisk i referanse til guden Zaparwa (hettittisk Ziparwa); totalt sett 21 avsnitt. Av reine palaiske tekster utgjer CTH 750 ei utgreiing av ein festival for Zaparwa, og CTH 752 viser til eit anna religiøst ritual. I tillegg til Zaparwa dyrka dei som snakka palaisk òg ein himmelgud ved namn Tiyaz (luvisk: Tiwaz).

Palaisk er eit typisk døme på eit indoeuropeisk språk. Gammelhettittisk (av rundt 1600 f.Kr.) har genitivending i eintal -as, samanlikn med urindoeuropeisk -os. Luvisk nytta i staden -ssa som adjektivisk endelse. Palaisk ved den nordlege grensa av dei begge, som seinare hieroglyfisk luvisk, har både eit -as-genitiv og ein -asa-adjektivisk ending. Palaisk viser òg same kjønnsskilje som i hettittisk, og har tilsvarande former for pronomen. Det er difor sannsynleg at palaisk tilhøyrer dei anatoliske språka, men om det er eit systerspråk til gammelhettittisk eller hieroglyfisk luvisk er ukjent.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]