Lysand

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Det første fargebiletet av ei lysand, teken frå eit fly.
Forskjellige typar elektriske fenomen i atmosfæren.

Lysand (engelsk sprite, italiensk spettro rosso) er enorme lysglimt som førekjem over toppen på toreskyer. Lysandene er særs kortvarige og varer berre få millisekund. Lysandene vart først registrert på slump frå eit romfartøy i 1989. Seinare har fotografering frå flyekspedisjonar stadfestar at dei eksisterer.

Dei kan oppfattast utan hjelpemiddel, men ved hjelp av spesialkamera kan ein sjå at dei kan ha fleire forskjellige former, frå diffuse lysområde til elegante, dansande lyslekamar med mange greinformasjonar. Dei kan stundom opptre enkeltvis, men oftast i meir samla formasjon. Ei kan sjå dei i høgder frå 40 til 90 km og er raudfarga og mest lyssterke 65-75 km opp i lufta. Under dette er dei ofte meir blåfarga. I den øvste delen er dei svakt raudglødande eller utviska. Store opphopingar av lysander kan dekkje ta opp heile 10 000 km³ i midtre område av atmosfæren og kan dekke ein horisontal avstand på 40 km.

Lysandene oppstår i samband med lynutladinga mellom sky og bakke, eller frå sky til sky. Dei finst særleg over større toreversområde som er i ferd med å svekkast, mest i samband med utlading mellom skyer. Førekomsten synes vere eitt tilfelle per 100–200 lynutladingar. Den optiske intensiteten kan samanliknast med eit moderat nordlys, med lyseffekt på 5–25 MW.

Den fysiske forklaringa på lysandfenomenet er ein ikkje sikker på. Mest truleg vert lufta ionisert av det sterke elektriske feltet som raskt brer seg opp frå området med lynaktivitet, kanskje òg med hjelp frå elektron som kjem inn i dette feltet, utløyst av kosmisk stråling. Den ioniserte lufta skapar først ein halo-liknande lyshatt i den øvre delen av atmosfæren. Atmosfæren blir elektrisk lagdelt og det kan skje raske utladingar mellom laga i form av oppstigande stammer med forgreiningar. Lysfenomena døyr raskt ut, men ioniseringa av lufta heldt seg lenger, det kan derfor ofte opptre nye lysander i det same området like etter det første. Det er òg indikasjonar på kjemiske endingar i området over det aktive torevêret, ved at nitrogen går over i nitrogenderivat og det vert produsert ozon.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]