Lyse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For andre tydingar av lyse, sjå lyse (fleirtyding).

Lyse er ukokt tran. Ho har i stor grad vorte brukt til brensel i oljelampar. Ein brukte lyse i koler, tranlampar som vart brukt før mineraloljelampane kom i bruk.

Lysa vert laga av fiskelever. Levra let ein stå i store kjerald. Når ho gjæra og begynte å gå i oppløysing, flotna feittet til overflata. Denne råtrana fløytte ein av og tok vare på. Dette var lyse. Ho var blankare enn kokt tran og har vorte kalla blanktran. Lysa var ettertrakta handelsvare. Den delen av levra som vart att etter at lysa var avfløytte vart kalla grakse. Graksen vart mellom anna brukt til smurning på lunnane i støa når ein sette båt. Det var vanleg å ha eit spann i naustet der ein samla lever til smurning under båten. Graksen kunne og verte kokt til tran.

Kjelder [endre]

  • Karl Rogne:Under lysekola. Tidskrift for Sunnmøre Historiske Lag. 1945
  • Gunnar Eldjarn og Jon Godal: Åfjordbåten og Nordlandsbåten Bind 4
    Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.