Måleband

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Målebånd

Målebånd er ein vanleg reiskap for måling av lengder utover lengda på ein tommestokk eller linjal. Måleband finst vanlegvis i kapsel med ei strekkfjør, slik at det automatisk blir inn att trekt etter bruk. Litt avanserte utgåver har ein låseknast slik at ein kan stille inn ei lengd og forflytte målet til eit nytt arbeidsstykke utan å måtte gjere målinga om att. Lengd frå 1 til 5 meter er vanlegast. Dei minste går lett inn i ei bukselomme, medan dei større har klype til belte eller liknande. Bandet er påtrykt mål i centimeter, og ofte òg tommer. Kapselen vernar bandet mot unødig slitasje, til dømes i ei verktøykasse og gjer transport enkelt.

Eit måleband for sydamer og skreddarar var vanlegvis ein uelastisk strimmel av belagd tekstil, ca 1 cm breitt og påtrykket delelinjer for millimeter og større strekar med tal for centimeter. Standard lengd er 150 cm. Desse vart oppbevart samanrulla. Fordelen med måleband framfor stive målestokkar, låg i at bandet kunne følgje kurver på ein betre måte. Dermed kunne mål som skulderbredde og blusehøgde blir teke frå målepunkt til målepunkt, sjølv om stoffet skulle trekkjast inn og leggjast ut undervegs.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]