Möre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For det norske området Møre, sjå Møre.

Möre er eitt av dei opphavlege «småe landa» i Småland. Det motsvarar i dag Kalmar län sin søraustlege del.

Det vart omnamna frå Meore til Möre i år 900 av Wulfstan. Möre låg som underhaldsområde under Kalmar slott frå slutten av 1200-talet. Rettsleg sett høyrde det til Östgöta lagsaga fram til 1559, da det vart overført til den nydanna Smålands lagsaga. Möre var indelt i to herad, Södra härad, frå Brömsebäck i sør til nærleiken av Kalmar i nord, og Norra härad, ved den smalaste delen av Kalmarsund.

Södra Möre härad vart i 1645 gjeve som arveleg grevskap åt Axel Oxenstierna (sjå Södermöre) og vart i datidas latinske dokument omtala som Morea australis.