Mürz

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Mürz
Utspring Niederösterreich
Munning Bruck an der Mur
Land i nedslagsfelt Austerrike
Lengd 98 km
Middelvassføring 20,2 m³/s

Mürz er ei elv i Austerrike. Ho har sitt utspring nord for Schneealpe i Niederösterreich, renn inn i Steiermark og så ut i Mura ved Bruck an der Mur etter 98 km. Kjelda til elva sluttar ved Mürzzuschlag.

Namnet på elva kjem frå slavisk (Muorica) og tyder «Vetle Mura». Den S-forma Mürzdalen byrjar ved Frein an der Mürz. Middelvassføringa ved Kapfenberg, nokre kilometer før munningen, er 20,2 m³/s

Av landsbyar langs elva finn ein Mürzzuschlag og Kapfenberg. Jarnbanelinja Österreichische Südbahn og motorvegen Semmering (S6) går begge langs med elva.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]