MS «Henrik Ibsen»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For dampskipet, sjå DS «Henrik Ibsen».
MS «Henrik Ibsen»
MS Henrik Ibsen.jpg
MS «Henrik Ibsen» ved Ulefoss sommaren 2002

Foto: Ernst Vikne

Karriere
Namn: 1907 - 1992: «Styrsö»
Type: Passasjerskip
Verft: Eriksberg Mekaniske Verkstad, Göteborg
Jomfrutur: 1907
Status: I drift
Generelle eigenskapar
Tonnasje: brt186 tonn
Djupne: 2,5 m m
Passasjerar: 290 -> 220 -> i dag 100
Mannskap: 3-6

MS «Henrik Ibsen» er eit båt som har trafikkert Telemarkskanalen sidan 100-årsjubileet i 1992. MS «Henrik Ibsen» er det største, raskaste og mest luksuriøse skipet på Telemarkskanalen. Skipet var opphavleg bygd som dampskip ved Eriksberg Mekaniske Verkstad i Göteborg i 1907 av Styrsö Bolaget og døypt DS «Styrsö». I peroioden 2009-2011 blei skipet oppgradert og renovert som eit unikt historisk elvecruiseskip anno 1910.

Norwegian Hospitality Group AS eig og driv Telemarkskanalen Skipsselskap AS med MS «Henrik Ibsen» og det historiske nasjonalromantiske Dalen Hotell ved enden av Telemarkskanalen. Kanalsesongen er vanlegvis frå rundt 18. mai til 22. september og ein venter om lag 10 000 passasjerar ombord i løpet av ein sesong. Seilasen på Telemarkskanalen tar ca 9 timar frå Skien til Dalen. Det er i dag to skip på kanalen, MS «Henrik Ibsen» og MS «Victoria», som dagleg segler kvar sin veg i pendel langs heile kanalen. MS «Henrik Ibsen» har alle rettar til alkoholskjenking og har restaurant ombord med dagleg servering av stor frokost og à la carte-lunsj.

Historie[endre | endre wikiteksten]

DS «Styrö» gjekk opphavleg i rutetrafikk i Göteborg-skjærgarden fram til 1960. Deretter fortsette ho som charterbåt inntil ho vart kjøpt til bruk på Telemarkskanalen. Den opphavlege dampmaskinen i skipet vart skifta ut i 1952 med ein Burmeister & Wain Alpha 406 FLO. Dagens MS «Henrik Ibsen» har framleis B&W-motoren og ho er i dag eitt av seks attverande skip med denne unike saktegåande skipsmotoren. Motoren er ein sekssylindra totaktar som yter 360 HK. Turtalet er mellom 80 til 400 omdreiingar og ho gjer inntil 13 knop på maks fart.

Skipet vart kjøpt til Noreg i 1992 og sett i drift Telemarkskanalen i samband med kanalen sitt 100-årsjubileum. Året etter vart ho ytterlegare tilpassa kanaltrafikk ved ombygging på Knardalstrand Slip & Verft. i 1993 vart skipet omdøypt til MS «Henrik Ibsen» etter det tidlegare dampskipet DS «Henrik Ibsen», omtalt som «det raskeste og mest luksuriøse kanalskip noensinne» som gjekk i trafikk på Telemarkskanalen frå 1907 til 1917. Frå 1992 til 2009 var skipet eigd og dreve av Skien Dalen Skipsselskap AS.

Etter 2008-sesongen gjekk skipet i opplag på grunn av skadar og slitasje. Året etter vart ho seld til Telemarkskanalen Skipsselskap AS ved Thor Morten Halvorsen, eigar av Dalen Hotell. Den nye eigaren ønskte å innreie skipet som Telemarkskanalens Orient Ekspress cruise skip i Agatha Christie-stil anno 1910 med chesterfieldsofaer i plysj, mahoganyinteriør, krystall lysekroner og messingdetaljar. Oppgraderinga av skipet vart igangsett og delar av skrog og drivverk vart først renovert på Hansen & Arntzens verft i Stathelle. Deretter gjekk skipet til Fjærholmen trebåtbyggeri og Båtbygger Geir Røvik ved Tønsberg for overhaling og oppgradering med nytt promenadedekk, kahyttar og styrhus med meir. Interiøret og innrieiinga er delvis antikk og tilpassa spesielt for skipet av den engelske interiør- og møbelverkstaden Andy Thornton. Skipet har 38 krystalllysekroner som er spesiallaga og levert av Hotel Contract Interiør i Oslo. Elles fekk skipet nytt elektrisk og elektroniske anlegg i tillegg til tidsmessig VVS. Ho har det siste innan moderne styring , tryggleik og overvaking i kombinasjon med det nostalgiske og opphavlege uttrykket frå førre hundreårskifte. Engelsviken Verft stod for oppgradering og installasjon av nytt tryggleiks- og redningsutstyr. Doyle Lyngør Seilmakerverksted leverte spesialduk til segldukstekking av toppdekk og promenadedekk.

Skipet segler dagleg og serverer stor hotellfrokost rett etter avgang i den originale Damesalongen akterut som er innlemma som ein del av skipets 1. klasse-restaurant. Her blir det servert og à la carte lunch ca kl 1330 og ellers byr skipets restaurant på mange og varierte rettar og forfriskinger. Skipet er registrert for 100 passasjerar.

Vintersesongen tibringer skipet i Oslo som marknadskontor for Dalen Hotel og Telemarkskanalen Skipsselskap.

MS «Henrik Ibsen», juni 2010

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]