MacLeod-manometer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eit glas MacLeod-manometer, tom for kvikksølv.

MacLeod-manometer er eit vakuummeter som blir bruka til måling av særs lågt gasstrykk. Eit visst volum av gass, der trykket skal målast, vert pressa særs sterkt saman, slik at trykket stig og lettare kan målast. Ein reknar så ut det opphavlege trykket ved hjelp av Boyle–Mariotte-lova. Ein kan måle trykk heilt ned til 0,0013 Pa. Manometeret er kalla opp etter den newzealandske fysikaren Duncan MacLeod.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]