Magenta i Italia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
San Martino-kyrkja i Magenta

Magenta er ein by og ein kommune i provinsen Milano i Lombardia-regionen i Italia. Kommunen har i kring 23 000 ibuarar og omfattar ei flatevidd på 21 km². Byen ligg i Po-dalen, 138 meter over havet, ei 25 kilometer vest for provinshovudstaden Milano.

Byen er særleg kjend for slaget ved Magenta, som fann stad 4. juni 1859, mellom austerrikske og franske styrkar. Fargen magenta har sitt opphav i same slaget, truleg viser den til fargen på uniformene til dei franske suav-soldatane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]