Mahmoud Ahmadinejad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Mahmoud Ahmadinejad

Mahmoud Ahmadinejad (fødd 28. oktober 1956), farsi محمود احمدی‌نژاد uttale  Mahmūd Ahmadīnizhād [mæhmuːd-e æhmædiː-neʒɒːd], er president i Iran og vart den sjette presidenten i landet den 3. august 2005. Han var borgarmeister i Teheran frå 2003 til 2005, og er rekna for å vere ein religiøs konservativ leiar med islamistiske og folkelege syn. Ahmadinejad er utdanna ingeniør og var professor ved det teknologiske og vitskaplege universitetet i Iran før han vart borgarmeister.

Ahmadinejad vart vald til president i Iran 24. juni 2005 i den andre valrunda i presidentvalet framfor rival og tidlegare president Ali Akbar Hashemi Rafsanjani, som Ahmadinejad sigra over med 61,69  % av dei rundt 28 millionar stemmene. Valdeltakinga på rundt 59,6 %. Iranske analytikarar forklarer støtta Ahmadinejad hadde, særleg blant dei fattige i landet, med den enkle livsstilen og dei populistiske meiningane hans.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]