Maldiskusjon:Commons

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Flott, denne trengde me! Men skal ikkje teikna vera omvendt? «Island» heller enn »Island«? -- Ranveig 25. nov 2004 kl. 19:52 (UTC)

«Island» er sikkert rett. Kanskje noko som kan meir om malar enn meg kan regigera malen slik at teikna vert snudde?

Eit spørsmål i tillegg er om me skal laga til ei nynorsk framside på commons, sjå til dømes den danske [1]

Skal ein ha ei sams norsk side, eller ei for norsk- bokmål og ei for norsk- nynorsk ?

Gunnernett 25. nov 2004 kl. 20:07 (UTC)

Eg endra litt på korleis malen flyt i teksten (no er han omtrent som eit bilete), og ordlyden, først og framst fordi det ikkje bare er bilete som finst på Commons. Så no er hermeteikna dessverre forsvunne...

Me bør nok få oss ei norsk framside, og helst andre sider òg. Dette er eit såpass omfattande arbeid at alle me norsktalande bør slå saman kreftene våre. Den som først omset ei side bør velja språkforma der, meiner nå eg. Ranveig 28. nov 2004 kl. 22:32 (UTC)


Kvifor «Commons har filer som gjeld:»? Kva treng vi dette kolonet til? --EIRIK\diskusjon 23. okt. 2005 kl. 15:46 (UTC)

Sjå maldiskusjon:commons2. -- Ranveig 23. okt. 2005 kl. 16:15 (UTC)

Namn og funksjon[endre wikiteksten]

På en: er {{commons}} ein boks, medan {{commons-inline}} er ei lina, slik som denne. Jamfør malane {{Wiktionary}} og {{Wiktionary-line}} som eg nett oppretta. Spørst om det ikkje er best å innføra eit liknande system her. Njardarlogar 14. mai 2011 kl. 16:35 (CEST)[svar]

Tja, kanskje det? Men kvar passar det å skilja ut Commons-peikaren som ein stor boks? Øvst i kategoriar? --Ranveig 14. mai 2011 kl. 17:25 (CEST)[svar]
Bruken (som det står noko om her) ser ut til å vera slik: finst det lenkjer til nettstader som ikkje har noko med Wikimedia å gjera, so nyttar ein boksar (døme). Finst det ingen andre lenkjer enn t.d. til Commons, Wikifrasar, Wiktionary osb., då nyttar ein linemalane (døme). På fleirtydingssider og kategorisider er det vel boksane som er dei mest aktuelle. Njardarlogar 14. mai 2011 kl. 17:43 (CEST)[svar]
Ja, i dei døma ser det ganske fint ut. Men i eit tilfelle her, jerv, synest eg det blir mykje i høgre marg når det er fint lite tekst som fyller opp midt på sida. Det viktigaste er kanskje å få det fint i kvart enkelt tilfelle? --Ranveig 14. mai 2011 kl. 18:26 (CEST)[svar]
Absolutt. Ein får vurdera kvart tilfelle kvar for seg. Njardarlogar 14. mai 2011 kl. 19:17 (CEST)[svar]