Maldiskusjon:Jazz

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Musikkmalar frå en...[endre wikiteksten]

Frokor, flott at du tek tak i musikkbiten og hentar malar frå en. Men noko seier meg at:

  1. Dei treng ei omsetjing og kan ikkje hentast over ukritisk, mange av termene i jazz-malen har eg ikkje ein gong høyrt om (og eg er ein "gamal" jazzmusikar). Nokre av dei er amerikaniserte, t.d. West Coast Jazz. Her i Noreg vil det t.d. vere meir naturleg å snakke om Trønderjazz vs. Oslojazz...
  2. Kanskje treng me ikkje like mange jazz-artiklar på nn. Kan ikkje mange av dei ulike variantane skildrast under hovudartikkelen.

--Bep 8. september 2008 kl. 21:52 (CEST)[svar]

  1. West Coast jazz treng nok ikkje meir omsetjing enn kva rock (vogg), rock and roll (vogg og rull), rockabilly (hm...voggebonde?), rhythm and blues (rytme og blues), country (landsmusikk), blues (blåskap?) gjer. Ok, det var useriøst, men her er ingenting gjort ukritisk. Til og med franskmennene kallar det (riktig nok litt snudd om) for Jazz West Coast, som òg er eit alternativ namn på engelsk. Fleire kjende jazzartistar har mellom anna har vore innom denne sjangeren, som riktignok ikkje er av dei mest kjende sjangrane (Chet Baker t.d.). Einaste eg har vore litt usikker på er kor namna bør dras saman og kor dei bør stå som to ord og kor det evt. bør nyttast bindestrek. Om trønderjazz eller oslojazz har noko særeige og det er ein innarbeidd sjanger (som t.d. West Coast-jazz er) så bør sjølvsagt dei òg ha ein plass i både malen og ein eigen artikkel. Men akkurat det kjenner ikkje eg til.
  2. Kanskje ikkje, men om alle undersjangrar skal skildrast under hovudartikkelen vert han anten altfor lang eller omtalen av undersjangrane for kort. At du ikkje har høyrt om sjangrane kan ikkje eg hjelpe, men etter kvart (for dette har eg tenkt å ta over lengre tid) så får du kanskje sjans til å lære noko meir om dei :-) West Coast-jazz høyrer forøvrig til cool jazz, som om han bør stå under ein annan artikkel så bør han stå der. --Frokor 8. september 2008 kl. 23:13 (CEST)[svar]

Kva franskmennene kallar vestkystjazzen er interessant, men bør vel ikkje vere avgjerande for nnwiki? Engelsk wikipedia har laga dette oversynet med utgangspunkt i Amerikansk kultur. Mykje av det har me overteke, såvel det språklege (som blues og rock), men Crossover jazz?

Skal du først bruke alle desse utttrykka (som eg berre delvis er samd i), må dei i alle fall fornorskast, eller ikkje særskrivast: Avantgarde jazz -> Avantgardejazz t.d.

Eg er ingen stor tilhengar av "oversjangrifisering" av musikken (jazz er jazz), men eg kan sjå at ein i leksikalsk samanhang må forklare innarbeidde omgrep. Men då med strek under innarbeidde omgrep, og omgrep som er relevante for oss. Med referanse til vestkystjazzen (som eg formodar er vestkysten av USA): i Europa er det eit uttrykk som heiter Nordic jazz eller Nordisk jazz (Jan Garbarek og co.) som eg vil tru vil vere meir relevant å ta med.

Nokre andre kommentarar:

  1. Crossover jazz: Dette er altså ei blanding av jazz og pop (jazzpop), ref. enwiki. Omgrepet er ikkje i bruk på norsk, og skal du bruke det engelske (hmmm) så må du slå dei saman. Uttrykket dekker ikkje særleg bra utfrå den definisjonen. Karl Seglem blandar jazz og norsk folkemusikk; eg vil tru han var ein crossover-artist, men det er han altså ikkje. Eg undrar litt over at ikkje jazzrock er med på denne lista.
  2. Chamber jazz: Kammerjazz? Som omhandlar det meste av den akustiske jazzen...
  3. Free jazz: Frijazz er eit omgrep eg har høyrt, Free jazz er ikkje eit norsk omgrep
  4. Mainstream jazz: Norsk ord?
  5. West Coast jazz: Det finst vel eit norsk ord for vestkystrock, kva med vestkystjazz?

--Bep 9. september 2008 kl. 00:22 (CEST)[svar]

Ja, du får ta og gjer endringar der du meiner det er riktig. --Frokor 9. september 2008 kl. 10:30 (CEST)[svar]
Då har eg fjerna west coast og crossover (west coast kan uansett inngå i cool) og skrive om eit par av dei andre. Mainstream jazz vert nytta på norsk, stundom med og stundom utan bindestrek. Jazz-fusion er eit anna innarbeidd namn på jazzrock, så han er med på lista. --Frokor 9. september 2008 kl. 21:23 (CEST)[svar]