Chet Baker

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Chet Baker (til høgre) og Stan Getz spelar i Sandvika i Bærum (1983).
Monument av Chet Baker.
Foto: Jeroen Coert

Chet Baker, eigentleg Chesney Henry Baker Jr. (23. desember 192913. mai 1988) var ein amerikansk jazztrompetist, flygelhornist, songar og komponist.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Chet Baker hadde norske anar[1] og voks opp i ein musikarfamilie i Oklahoma. Ti år gammal fekk han ein trombone av den Jack Teagarden-beundrande faren, men Chet Baker var fascinert av Harry James og bytta bort trombonen mot ein trompet. På kort tid klarte den unge autodidakten å spele enkle swingmelodiar og lærte seg lett å improvisere. Så lenge han levde var han i stand til å oppfatte dei mest kompliserte harmoniske samanhengane i bebopen. Han blei aldri spesielt god til å lese notar og det var truleg grunnen til at han ikkje komponerte stort.

Først spelte han i et skoleorkester, seinare på offentlege dansetilstellingar. I 1946 meldte han seg til militærteneste og flaug med 298. Army Band til Berlin. I 1948 mønstra han av, studerte harmonilære og spelte i klubber om kveldane. I 1950 gjekk han inn i militæret igjen, men blei dimittert fordi han blei funne tenesteudyktig av psykiske grunnar.

Tilbake i Los Angeles blei han på kort tid engasjert som trompetist i Charlie Parkers Band, og nokre år seinare blei han namngjeten i det pianolause bandet til Gerry Mulligan. Singelen My Funny Valentine som blei gitt ut på Fantasy Records i 1952 blei en hit og er framleis ein signaturlåt for Baker. Han spelte den i tallause variasjonar resten av livet. På grunn av tilknytinga til Mulligan, som saman med Lennie Tristano var frontfigur i cool jazzen, blir også Baker rekna med til denne stilretninga, men innspelingane hans viser at han beherska ei rekke ulike stilartartar innan jazzen.

Våren 1953 måtte Mulligan i fengsel på grunn av narkotikaskuldingar og Baker danna da ein eigen kvartett saman med pianisten Russ Freeman. Eigaren av plateselskapet Pacific Jazz, Richard "Dick" Bock ante at Baker kunne bli ein pengemaskin og det blei gjort ei rekke innspelingar av varierande kvalitet. Fotografen William Claxton iscenesette Baker og på grunn av utsjånaden og likskapen med James Dean blei Baker ei stjerne på linje med Dizzy Gillespie, Miles Davis og Clifford Brown. Det var på omtrent denne tida Baker utvikla ein heroinavhengigheit som han aldri blei heilt kvitt.

I 1955 slutta Freeman i kvartetten på grunn av alt heroinmisbruket blant musikarane. Baker hyra inn den evnerike, men heroinavhengige pianisten Dick Twardzik, og reiste på turné til Europa. Baker gjorde fleire strålande opptak, men suksessen blei overskygga av at Twardzik døydde av overdose i oktober 1955.

Baker returnerte til USA i 1956 og gjorde nye innspelingar for Pacific Jazz, blant anna nokon svært gode med Art Pepper og på ny med Russ Freeman. Etter dette bytte han over til Riverside og spelte inn tre LP'ar for dei. I 1959 hamna han i fengsel for narkotikaeige og reiste seinare til Italia. Der forfalska han legemiddelresept og sat nesten to år i fengsel. Kort tid etter at han var sett fri, og mens han framleis var nykter, spelte han inn ei av dei beste platene så langt, Chet Is Back! Men før plata var i sal, var han igjen på køyret.

Baker skifta nå til flygelhorn, det vart sagt at det var fordi trompeten hans blei stolen i Paris, men aukande problem med tenner og kjeve kan ha vore avgjerande for valet. I 1964 blei han for andre gong arrestert for narkotika i Tyskland og utvist til USA «for alltid».

Der gjorde han lovande hardbopopptak for Prestige, som dei neste to åra gav ut fem LP'ar med musikk av Chet Baker. Etter dette spelte han inn easy listening og mariachi-musikk for Dick Bock sitt nye platemerke World Pacific. Det gav han lett-tente pengar, men slik musikk var òg lettare å spele med dei kjeveproblema han hadde.

Sommaren 1966 skada han tennene under ein slåsskamp. Etterkvart fekk han så store problem med tenner og kjeve at fekk protese – for ein trompetist er det ei katastrofe. Han trekte seg tilbake og starta på ein metadonkur for å bli fri heroinen. Ifølge legenda arbeida Baker tre år (fire veker er alt som kan dokumenterast) på ein bensinstasjon og lærte seg langsamt å spele trompet igjen. Etter nokon minneverdige innspelingar på slutten av 1960-åra fekk han et comeback ved hjelp av Dizzy Gillespie. Mellom 1974 og 1977 gjorde han ei rekke meir eller mindre tidsmessige opptak, blant anna nokre med Paul Desmond og eit nytt med Gerry Mulligan der den framleis unge gitaristen John Scofield var med.

Chet Baker, 1983

I 1978 reiste Baker tilbake til Europa. På slutten av året slutta han med metadon og starta opp med heroin på nytt. Eit ustadig liv følgde med skiftande bustader, musikkpartnarar og svært mange innspelingar hos ulike plateselskap, nokre av desse høyrer til det beste han gjorde. Verd å nemne er kvartetten med Phil Markowitz og Jeff Brillinger og trioen med Philip Catherine og Jean-Louis Rassinfosse. Chet Baker var gløymd i Amerika, men i Europa reid han på ei utruleg popularitetsbølge og tente meir enn nokon gong i karrieren sin. Også kunstnarleg var det ei god periode, i trompetspelet utvikla han ein større nyanserikdom og djupare intimitet, og var i stand til å utstråle ein ugløymeleg emosjonalitet.

Japanturneen med Harold Danko, Hein van de Geyn og John Engels i 1987 var eit høgdepunkt. Baker var redd dei strenge japanske narkotikalovene og gjekk på metadon, og kritikarar reknar live-albumet Chet Baker in Tokyo som den aller beste plata hans.

Mot slutten blei suget etter narkotika berre større og større og han blanda heroin, kokain og amfetamin – det junkiar kallar «speedball». Siste gongen han spelte i Noreg var på Musikkflekken i Sandvika 30. januar 1988, og den siste studioinnspelinga gjorde han med Jan Erik Vold, produsert av Jon Larsen, i Paris i februar 1988. Den aller siste konserten heldt han 10. mai på Jazzcafé Dizzy i Rotterdam.

Fredag 13. mai skal Chet Baker ha ramla ut av vindauget på hotellrommet sitt i Prins Hendrik Hotel i Amsterdam. Han døydde momentant. Det er spunne ei rekke legender rundt dødsfallet, frå sjølvmord[2] til at ein narlolangar dytta han – ut utan at det finst fnugg av bevis for dette. Mest truleg var han i narkotikarus og mista balansen. I følgje pianisten Michel Graillier fall Baker fordi han blei bortvist frå hotellet og prøvde å klatre opp fasaden etter trompeten som låg attgløymd på hotellrommet.

Chet Baker er bisett på Inglewood Park Cemetery i Los Angeles.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar og referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Mormora heitte Randi Toseth og var fødd i Rennebu 23. juni 1870. Ho kom i lag med foreldra til USA i 1872.[1]
  2. Kulturspeilet

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]