Malmbäck

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 57°34′41″N 14°27′39″E Malmbäck er ein tettstad i Nässjö kommun i Jönköpings län i Småland i Sverige. I 2005 hadde tettstaden 1 016 innbyggjarar og eit areal på 1,46 km².[1]

Malmbäck ligg cirka 20 kilometer sørvest for kommunesenteret Nässjö og 30 km søraust for Jönköping.

Bynamnet (1292: de Malbæc) inneheld truleg ordet mal, «grov grus» eller «småstein (ved vatn)» og ordet bekk, som viser til den forbiflytande bekken. Skrivemåtar med «-m-» opptrer først på 1400-talet.

Malmbäck har gamle tradisjonar innan møbel- og trebransjen. I dag er det framleis ein viss produksjon, men dei fleste yrkesaktive pendlar til Nässjö, Forserum eller Bodafors.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Tätorter; arealer, befolkning 2005, Befolknings- og arealfakta frå SCB, oppdatert 28. mai 2008