Mammen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 56°24′39.103″N 9°36′46.933″E

Mammen kyrkje i romansk stil frå om lag år 1150.
Seremoniøks med dekor av innlagt sølv funne i Mammengrava.

Mammen er ein landsby i Midtjylland i Danmark med 313 innbuarar (år 2010), seksten kilometer søraust for byen Viborg, og tilhøyrande Viborg kommune.

Mammen har ei kyrkje i romansk stil for om lag år 1150, og er elles vidgjeten for eit rikhaldig arkeologisk gravfunn frå vikingtida, ei såkalla stormannsgrav eller høvdinggrav: Mammenfunnet eller Mammengrava. Gjenstandar i funnet har gjeve namnet til ei arkeologisk og kunsthistorisk stilretning i vikingtida som har fått nemninga Mammenstil.

Bakgrunnsstoff om Mammenfunnet[endre | endre wikiteksten]