Viborg i Danmark

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 56°26′58.524″N 9°24′0.63720″E

Sjå òg Viborg
Minnestein ved Viborg domkyrkje

Viborg er ein by og tidlegare kjøpstad sentralt på Jylland i Danmark. Byen har 38 261 (2013) innbyggjarar[1] og ligg i Viborg kommune, Region Midtjylland. Viborg er administrasjonsstad for kommunen og for Region Midtjylland.[2]

Fram til kommunereforma i 2007 var Viborg administrasjonsstad for kommunen og for tidlegare Viborg amt.

Viborg er ein av dei eldste byane på Jylland og oppstod rundt år 900-1000.[3]

Landstinget i Viborg[endre | endre wikiteksten]

Viborg var frå 1000-talet den viktigaste samlingsstaden på Jylland, i Knut den mektige si regjeringstid. I 1027 vart kong Hardeknud hylla som konge på Tinget Viborg Landsting. Det skal ha vore den første kongehyllinga i Danmark. Magnus den gode vart hylla i 1042. Fram til midten av 1600-talet var Viborg Landsting med på å utpeika kongane av Danmark.

Munken Ælnoth skreiv kring 1120: "Der samles hyppigt store skarer fra hele Jylland, dels for at forhandle om de fælles anliggender, dels for at drøfte, hvorvidt lovene er retfærdige eller endnu gyldige, og tillige give dem fasthed. Og hvad der er blevet fastlagt med enigt samtykke af den forsamlede mængde, kan ikke ustraffet sættes ud af kraft i nogen egn af Jylland."

Viborgs gamle rådhus, bygd i 1728 etter ein stor brann

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Danmarks Statistik: FOLK1 2013K4 (Vitja 12. februar 2014)
  2. Viborg Kommune frå Den Store Danske
  3. Søren Olsen: Danmarks købstæder, 144 købstæder og andre gamle byer, Politikens Forlag 2000, side 119, ISBN 87-567-6203-8

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]