Mandelmjølk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

«Mæn sculæ göræ thiuk mælk af almandærs kiarnæ. oc lathæ thær til ædik æth wiin oc sættæ vp a glöthæ til thæt er löpt. thæt ær gooth skyr thær thæt wrther (warther) kalt.»

Oppskriftsmanuskript frå kring 1300
Historisk Tidsskrift, 1844[1]

Mandelmjølk er ei væske laga av oppmolne mandlar blanda med vatn. Mandelmjølka er eit alternativ til mjølk frå kyr og andre dyr. Ho kan drikkast som ho er eller brukast i matlaginga for menneske som har mjølkeallergi, laktoseintoleranse, har eit vegansk kosthald eller av andre grunnar ikkje kan eller ynskjer å drikke vanleg mjølk. «Mjølka» inneheld verken laktose eller kolesterol, men oppfører seg ganske likt mjølk i oppskrifter.

I mellomalderen var mandelmjølk kjend både i den den muslimske verda og mellom kristne. Det at mandelmjølka er eit reint vegetablisk matemne gjorde henne eigne som føde også når ein måtte avstå frå animalske matvarer under faste. Mandelmjølk var òg mykje brukt i matlaginga elles i mellomalderen. Dette fordi vanleg mjølk er svært lite haldbar utan kjøling og oftast vart kinna til smør eller ysta like etter mjølkinga, medan ein kunne lagre mandlar og sjølv lage frisk mandelmjølk når det måtte passe. Oppskrifter på mandelmjølk og rettar der mjølka vert brukt finst med i ulike oppskriftssamlingar frå mellomalderen. Ei av dei eldste oppskriftsamlingane ein kjenner frå Norden har til dømes med med ei oppskrift på ei hønsegryte med mandelmjølk.[2]

Havregryn og blåbær med mandelmjølk.
(Foto: Ann Larie Valentine)

Det finst mandelmjølkprodukt på marknaden, desse har ofte tilsette vitaminar og kan ha smak av sjokolade eller vanilje, eller vera nøytrale. Ein kan òg enkelt laga mandelmjølk sjølv.

Bruk to desiliter skålda mandlar og ein liter varmt vatn. Køyr mandlane i hurtigmiksar med litt av vatnet, og tilset resten av vatnet etter kvart.

Mandelmjølka passar bra i til dømes vaflar og pannekaker i staden for kumjølk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne matartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.