Marajó

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Satellittbilete av munninga av Amazonaselva, med øya Marajó

Marajó er ei øy som ligg ved munninga av Amazonas i delstaten Pará i Brasil, nord for byen Belém. Øya har eit areal på 40 100 km² med i kring 250 000 ibuarar. Ho er 297 kilometer lang og 204 km brei. Det høgste punktet er 40 meter over havet.

Marajó er den største øya på jordkloten som er omgjeven av ferskvatn på alle kantar. Trass i at nordaustkysten av Marajó vender ut mot Atlanterhavet er elvestraumen i Amazonas så sterk at øya har ferskvatn også på den sida. Store delar av øya vert overflødde i regntida.

Aust på øya minner vegetasjonen om savanne, der storfekjøt vert avla på store farmar. På øya er det elles store flokkar av temde vassbøflar. Vestdelen av øya er til dels dekt av skogar.

Arkeologiske undersøkingar har avdekt keramikk som e rekna til å vere om lag 3 000 år gammal. Funna stammar truleg frå urfolkskulturar som var gått under før området vart kolonisert.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]