Marcel Hirscher

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Marcel Hirscher


Statsborgarskap Austerrike
Fødd 2. mars 1989 (35 år)
Hallein
Idrett alpint
Tok del i

Alpin skiidrett under vinter-OL 2010, Alpint under Vinter-OL 2014 – Slalåm menn, Alpine greiner under Vinter-OL 2018

Utmerkingar

Skieur d’Or, Austrian Sports Personality of the Year, Skieur d’Or, Skieur d’Or, Skieur d’Or

Marcel Hirscher (fødd 2. mars 1989) er ein austerriksk alpin skirennar frå Annaberg i forbundslandet Salzburg som vann verdscupen i alpine greiner tre sesongar på rad; 2012, 2013 og 2014. Slalåm- og storslalåmspesialisten Hirscher vart verdsmeister i slalåm i 2013, i same meisterskapen deltok han også på Austerrike sitt vinnarlag i lagtevlinga.

Hirscher har i åra frå desember 2009 til januar 2015 vunne 29 renn i verdscupen, 15 i slalåm og 14 i storslalåm.

I tillegg til dei to gullmedaljane Hirscher vann i VM i alpine greiner 2013 i Schladming, tok han i same verdsmeisterskapen sølvmedaljen i storslalåm. Under vinterleikane 2014 i Sotsji enda han opp med OL-sølv i slalåm, landsmannen Mario Matt stakk av med gullmedaljen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]