Marcel Renault

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Marcel Renault fotografert under løpet Paris-Madrid i 1903.

Marcel Renault (1871 eller '72 -25. mai 1903) var ein fransk motorsportutøvar, og medgrunnleggjar av bilprodusenten Renault i 1899, saman med brørne Louis og Fernand Renault. Med bilane dei bygde, konkurerte Marcel og broren Louis i mange sportsløp fram til Marcel omkom den 25. mai 1903, etter å ha skada seg alvorleg under Paris-Madrid løpet.