Maren Aardahl
Maren Aardahl | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 2. mars 1994 (30 år) Trondheim |
Idrett | handball, strandhåndball |
Maren Nyland Aardahl (fødd 2. mars 1994) er ein norsk handballspelar frå Trondheim. Sidan 2021 er ho aktiv for Odense HB i Danmark. Aardahl vart verdsmeister i 2021 og europameister i 2022 med det norske handballslandslaget. Ho er linjespelar og utmerkar seg særleg innan forsvarsspel.
Karriere[endre | endre wikiteksten]
Klubbspel[endre | endre wikiteksten]
Aardahl spelte på Byåsen IL sitt lag i den norske toppserien frå 2012 til 2019. Våren 2016 kneip laget andreplassen i serien bakom Larvik HK. Sesongane 2019/20 og 2020/21 gjorde ho teneste i høvesvis tyske BBM Bietigheim og rumenske Vâlcea. Frå sommaren 2021 vart ho aktiv i det danske topplaget Odensse HB.
Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]
Aardahl fekk sin landslagsdebut 1. oktober 2021. Med Marit Frafjord ute av landslaget, fekk Aardahl ei sentral i rolle i det norske midtforsvaret jamsides Kari Brattset. Både under Handball-VM 2021 og Handball-EM bidrog ho mykje til at Noreg kunne stå att som vinnar i begge turneringane. Ved utgangen av 2022 står ho med 28 landskampar og 40 mål.
Merittar[endre | endre wikiteksten]
- VM 2021: Gullmedalje etter 29–22 mot Frankrike
- EM 2022: Gullmedalje etter 27–25 mot Danmark
- VM 2023: Sølvmedalje etter 28–31 mot Frankrike
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Maren Aardahl» frå Wikipedia på bokmål, den 1. januar 2023.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Maren Aardahl i Byåsen Håndball
- Landskampar