Margit Papp

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Margit Papp
Statsborgarskap Ungarn
Fødd 30. april 1948 (75 år)
Szamossályi
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1980, Sommar-OL 1976, Sommar-OL 1972

Margit Papp (fødd 30. april 1948) er ein ungarsk tidlegare friidrettsutøvar som i 1978 vart europameister i femkamp.

Papp vart nummer 8 i femkampen ved EM i friidrett 1971, nummer 12 i EM i friidrett 1974 og nummer 8 under Sommar-OL 1976. Frå 1977 vart den avsluttande 200-meteren i femkampen erstatta med ein 800-meter. Året etter gjekk sovjetiske Nadezjda Tkatsjenko til topps i femkampen ved EM i friidrett 1978 i Praha. Ho sanka 4 744 poeng, medan Papp på andreplass enda opp med 4 655 poeng. Ettersom Tkatsjenko vart diskvalifisert for bruk av anabole steroidar, gjekk gullmedaljen til Papp. Papp deltok også i lengdehopp, utan å kvalifiser seg til finalen. Det makta ho heller ikkje under Sommar-OL 1980 i Moskva. Derimot hevda ho seg bra i femkampen, der ho enda på femteplass med sine 4 562 poeng.

Papp var ungarsk meister i femkamp i 1968, 1970, 1976-1978 og 1980, i lengdehopp 1973 og 1979 og i 100 meter hekk i 1979. Ho sette personleg rekord i lengdehopp med 6,57 meter i Budapest i 1979.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]