Ungarn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
[endre]
Magyar Köztársaság

(norsk: Ungarn, ungarsk)

Det ungarske flagget Det ungarske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Isten áldd meg a magyart»
Motto Ukjent
Geografisk plassering av Ungarn
Offisielle språk ungarsk
Hovudstad Budapest
Styresett
Republikk
János Áder
Viktor Orbán
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
93 028 km² (109.)
0,74 %
Folketal
 – Estimert (2012)
 – Tettleik
 
9 958 453 (87.)
107 /km² (69.)
Sjølvstende
  - Dato
Frå Austerrike-Ungarn
31. oktober 1918
Nasjonaldag 20. august
BNP
 – Totalt (2010)
 – Per innbyggjar
 
199 800 mill. USD (52.)
19 000 USD (50.)
Valuta Forint
Tidssone UTC +1
Telefonkode +36
Toppnivådomene .hu


Republikken Ungarn er ein republikk i Sentral-Europa. Ungarn er eit sletteland omgjeve i ein halvsirkel av fjellrekkja Karpatane. Landet grensar opp mot Austerrike, Slovakia, Ukraina, Romania, Kroatia, Serbia og Slovenia. Det ungarske namnet på landet er Magyarország som tyder Magyarlandet. Landet har vore medlem av EU sidan 1. mai 2004.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå ungarsk geografi.
Kart over Ungarn
(klikk på kartet for større bilete)

Topografi[endre | endre wikiteksten]

Store delar av Ungarn består av slettelandskap og dei viktigaste av desse er Den vetle ungarske sletta i nordvest og Den store ungarske sletta i aust. I forhistorisk tid låg det ungarske slettelandskapet under vatn. Då vatnet trekte seg tilbake var det etterlate store avleiringar. Saman med lausjord som seinare har blåse til, utgjer dette jordsmonnet eit svært fruktbart område for jordbruksproduksjon.

To tredjedelar av Ungarn er oppdyrka mark. Fyrst og fremst vert kveite og mais dyrka, men landet har òg stor produksjon av frukt, sukkerroar, grønsaker og hamp. Ungarn har òg ein omfattande vinproduksjon, mellom anna i dei ungarske vinområda Tokaji og Eger.

Vinproduksjon skjer stort sett i dei meir kuperte områda av landet i vest og i nord. Alpokalja, som tyder foten av Alpane ligg mot grensa til Austerrike i vest. Aust for dette området finn ein Dei transdonauske mellomfjella. Dei høgaste fjella ligg i nord og er ein del av Karpatane, og her finn ein det høgaste punktet i Ungarn, Kékes på 1 014 moh. I nord ligg òg Dei nordungarske mellomfjella.

Ungarn er delt i to av to store elvar, Donau (Duna på ungarske) og Tisza, som renn i aust. Drava er ei anna stor elv i sør, som dannar grensa mot Kroatia. Balatonsjøen er den største innsjøen i landet og i Sentral-Europa.

Budapest er den største byen i landet, med over to millionar innbyggjarar. Den gamle bydelen Buda ligg på den vestre breidda av Donau, og den meir moderne bydelen Pest på austre breidd. Byen vart teke av tyrkarane frå 1541 til 1686. Byen vart påført store skadar under andre verdskrigen og ved opprøret i 1956. Debrecen er den neststørste byen i Ungarn med sine tohundretusen innbyggjarar.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Nær Villány i sørlege område

Dei store slettene i Ungarn utgjer store delar av klimaet i Ungarn, som ikkje er ulikt det ein kan finne på Prærien i USA. Alpane i vest hindrar fuktig luft frå Atlanterhavet å strøyme inn over Ungarn. Dermed har Ungarn større temperaturskilnadar mellom sommar og vinter enn ein har lenger vest i Europa.

Sommaren har ofte mykje sol med ettermiddagsbyger og av og til torevêr. Tidleg på sommaren har ein torevêr ein av tre dagar. Donaudalen er ofte litt fuktigare, men ikkje meir enn at det ikkje vert ubehageleg. Enkelte dagar kan det bli svært varmt, særleg i sør og i aust. Slettene tørkar fort opp tidleg på hausten, før ein igjen får ein våtare periode og kjøligare vêr frå oktober til desember. Ein kan få lett snø innimellom om vintrane, men snødekket ligg sjeldan særleg lenge, og eit snøfall smeltar som regel før det neste kjem. I snitt ligg snøen på bakken 30-40 dagar i løpet av eit år, men i år med kaldare vintrar kan talet på snødagar aukast, særleg når den kalde austavinden frå Ukraina slår til. Bakonyområdet og andre høgare punkt har derimot lågare temperaturar og større mengder snø når fuktig luft strøymer nordover frå Adriaterhavet. Frå april av byrjar dei lågareliggande områda å varmast opp igjen. Budapest har ein årleg nedbørsnormal på 614 mm.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Området som no heiter Ungarn, vart i romartida kalla Pannonia. Etter at Romarriket fall vart Pannonia, lik mange andre romerske provinsar, overfløymd av andre folkegrupper. Dei fyrste av desse var hunarane, som ved hjelp av Attila, skapte det mektige hunerske imperiet. Namnet «Ungarn» er påverka av namnet til det hunske folket, men kjem truleg frå namnet på den tyrkiske Onogur-stamma. Etter at hunarimperiet gjekk i oppløysing rådde tyske stammar over forskjellige delar av Ungarn i eit hundreår, før dei vart avløyst av avarane. Under avarane si tohundre år lange hersketid byrja innstrøyminga av slaviske stammar til Ungarn. Moraviarar, bulgarar, kroatarar, serbarar og polakkar prøvde alle å styrte avararane, men dei heldt makta heilt til Karl den store dukka opp. Etter Karl den store sin død byrja ei slavisk maktoppbygging i området, og Swatopluk, herskaren av Stor-Mähren gjorde eit forsøk på å gjere området til ein permanent del av det mähriske kongedømet, men med innkomsten av magyarane enda desse planane.

Árpád sitt land[endre | endre wikiteksten]

På folkemunne vert det sagt at magyarane sitt land (Ungarn / Magyarország på ungarsk) vart grunnlagd av Árpád, som ved slutten av 800-talet leidde magyarane inn på Den pannoniske sletta. Kongedømet Ungarn vart grunnlagt rundt år 1000 av Kong St. István den fyrste. Mellom år 1241 og 1242 vart landet delvist øydelagd av herjande mongolar (tatarar), leia av Batu Khan (sjå den mongolske invasjonen av Ungarn)

Under leiing av Árpád-dynastiet vart Ungarn litt etter litt omgjort til eit stort, sjølvstendig kongedøme, som skapte ein spesiell sentraleuropeisk kultur med band til dei største vesteuropeiske sivilisasjonane. Mátyás Corvinus herska over Ungarn frå 1458 til 1460. Ungarn vart under renessansen og Corvinus sitt styre til det kunstneriske og kulturelle senteret i Europa. Den ungarske kulturen påverka andre kulturar, til dømes det polsk-litauiske samarbeidet. Saman med Polen og tsjekkiske landområde forma Ungarn «Visegrád-alliansen». I dag finst framleis ein allianse ved det same namnet, med medlemslanda Tsjekkia, Slovakia og Polen.

Austerrike-Ungarn[endre | endre wikiteksten]

Ungarsk sjølvstende enda med osmanarane sitt inntog på byrjinga av 1500-talet. Dei delane av Ungarn som ikkje vart erobra av osmanarane, vart annekterte av Austerrike (som hadde ungarske kongar på den tida) i vest, og vart sjølvstendige delar av Det transylvanske samveldet i aust. Ved slutten av 1700-talet, etter 150 år, tok Austerrike og landet sine kristne allierte attende det ungarske området frå osmanarane.

Etter det siste tyrkiske nederlaget byrja kampen mellom Ungarn og kongane av Habsburg, om korvidt landet skulle vere ein sjølvstendig nasjon eller ein del av Habsburgsamveldet. Kampen mot den austerrikske totalismen enda i ein fridomskrig mellom 1704-1711 leia av den transylvanske Ferenc II Rákóczi. Rákóczi innsåg at nederlaget næra seg, så han flykta til Polen, og jobba seinare ved det franske hoffet, før han til sist reiste til Tyrkia der han døydde ein naturleg død.

Revolusjonen og krigen frå 1848 til 1849 førte til at slaveriet vart bannlyst, og ungararane fekk borgarrettar. Krigen såg lenge ut til å gå i Ungarn sin favør, men då dei ungarske arméane næra seg Wien gjekk Russland, som var ein alliert av Austerrike inn i austlege delar av landet, og ungararane tapte. Austerrikarane feira denne sigeren ved å skåle i store mengder øl, og på grunn av dette, var det i 150 år, frå 1849 til 1999 «forbode» for ungararar å skåle med øl. Trass i at det sjølvpålagde forbodet enda i 1999 vert det framleis sett på som dårleg folkeskikk å skåle med øl i Ungarn.

Takka vere at den fransk-allierte koalisjonen sigra over Austerrike ved Solferino i 1859 og seinare over Preussen i 1866, vart Ungarn i 1867 ein sjølvstendig del av Austerrike-Ungarn fram til imperiet kollapsa etter den fyrste verdskrigen. Ungarn skilde seg frå Austerrike den 31. oktober 1918.

Kommunisme og den andre verdskrigen[endre | endre wikiteksten]

Kommunistane tok over makta i landet i mars 1919, og allereie i april kunngjorde Béla Kun at Ungarn no var den ungarske sovjetrepublikken. Denne regjeringa varte ikkje lenge, ettersom den rumenske hæren invaderte landet, og den 6. august 1919 sette ein stoppar for sovjetrepublikken Ungarn. Høgreorienterte militærstyrkar, leia av den tidlegare austerriksk-ungarske admiralen Miklós Horthy gjekk inn i Budapest like etter at dei rumenske styrkane drog bort frå byen, og tok då over makta. I 1920 vart admiral Horthy vald til regent, og på dette viset var Ungarn framleis eit kongedøme, trass i det faktum at det ikkje fanst fleire ungarske kongar. I juni vart Trianontraktaten underskrive, og dei ungarske grensene vart fastsette. Det ungarske området var no berre ein tredjedel av det det hadde vore under Stor-Ungarn (Nagy Magyarország) berre nokre år tidlegare. Miklós Horthy leia landet autokratisk i mellomkrigstida. Den ungarske politikken og kulturen i den perioden var sterkt prega av at både folket og regjeringa ville gjenopprette Stor-Ungarn si ære og landområde, uansett kva det måtte koste.

Horthy allierte seg med Nazi-Tyskland ein gong på 1930-talet, i håp om å kunne få attende dei territoria Ungarn hadde tapt i den fyrste verdskrigen. Tyskland gav difor Ungarn område som tidlegare hadde vore ungarske, delar av Tsjekkoslovakia, Jugoslavia og Romania, og som takk for dette tok Ungarn aktivt del i den andre verdskrigen på tysk side. Meir enn 400 000 ungarske jødar, og titusenar av sigøynarar miste livet, men Horthy greidde stoppe planane om å deportere heile den jødiske befolkninga i Budapest (om lag 200 000 personar) lenge nok til at dei fleste vart redda. Dette var ein av grunnane til at Hitler såg på Horthy som ein forrædar som berre følgde nazistane for sitt eige land si vinning, og ikkje på ideologisk grunnlag. Etter at dei allierte invaderte Italia var det mange diskusjonar om ikkje Ungarn skulle skifte side, så i oktober 1944 erstatta Hitler Horthy med den ungarske nazikollaboratøren Ferenc Szálasi, og Pilkorspartiet hans, for å sikre framleis ungarsk stønad i krigen, og «nazismen sine fiendar» i Ungarn fekk hard medfart.

Etterkrigstid[endre | endre wikiteksten]

Etter Nazi-Tyskland sitt fall, vart Ungarn ein sovjetisk lydstat og vart omgjort til ein kommuniststat etter ein kortare demokratisk periode i 1946-1947. Etter 1948 innførte kommunistleiaren Mátyás Rákosi ei stalinistisk leiing, og det no krigsherja Ungarn var nær total kollaps. Dette førde til 1956-opprøret, som kunngjorde at Warszawa-traktaten var oppløyst frå ungarsk side. Revolusjonen enda med militær intervensjon frå russisk side, men berre etter ein avtale med USA om «nøytralitet» mot at amerikanarane fekk høve til å gjere det same under Suez-krisa. Denne avtalen fekk austeuropearar til å tvile på Truman-doktrina som hadde lova stogge all spreiing av kommunisme i verda. På dette viset stogga Sovjet den ungarske revolusjonen med militære midlar, og tusenar vart deporterte. I tillegg vart den reformvenlege kommunistiske statsministeren Imre Nagy avretta. Frå sekstitalet til seint på åttitalet gjekk Ungarn under namnet «den gladaste kommunistblokka», under leiing av den kontroversielle kommunistleiaren János Kádár, som innførde eit autokratisk styresett. Seint på åttitalet leia Ungarn arbeidet med å få oppløyst Warszawa-traktaten, og gjekk mot å bli eit fleirpartisk demokrati med ein marknadsorientert økonomi. Etter Sovjetunionen sitt fall i 1991 fekk Ungarn betre band til Vest-Europa, vart medlem av NATO i 1999 og ein del av Den europeiske unionen den fyrste mai 2004.

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Ungarn har sidan tidleg i mellomalderen vorte kalla den vestlege sivilisasjonen sin austlege utpost i Europa. I samband med aukande autonomi innan det austerrikske keisardømet blomstra ein moderne høgkultur opp, og i dag står kaféar i Budapest og kulturinstitusjonar ikkje tilbake for det ein kan finne i Wien.

Mellom elvane Donau og Tisza er det ein stor rikdom i folkedrakter, folkesongar og folkedansar. Spora av balkanisme kan ein sjå i blandinga av serbisk, svabisk, slovakisk, rumensk og romsk folkekultur i møte med den ungarske kulturen.

Den ungarske kulturinnflytnaden er òg merkbart tilstades i granneprovinsane i nabolanda, som Vojvodina, Transsylvania, sørlege delar av Slovakia og Austerrike, der ein på mange stader òg finn store ungarske minoritetsgrupper.

Ungarn dyrkar mykje paprika, som vert gjenspegla i matvegen med retter som til dømes gulasj.

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Ungarn