Margitta Pufe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Margitta Pufe
Statsborgarskap Tyskland, Den tyske demokratiske republikken
Fødd 10. september 1952 (71 år)
Gera
Idrett friidrett
Tok del i

athletics at the 1976 Summer Olympics – women's shot put, athletics at the 1980 Summer Olympics – women's shot put, athletics at the 1980 Summer Olympics – women's discus throw

Margitta Pufe, fødd Ludewig, (fødd 10. september 1952) er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar frå Gera. Ho var frå 1975 til 1980 ein av verdas beste i kulestøyt og diskoskast på kvinnesida. Pufe representerte Aust-Tyskland.

Etter sjetteplass i kulestøyt ved Sommar-OL 1976 i Montreal, sikra ho seg under EM i friidrett 1978 i Praha sølvmedaljen i diskos-tevlinga og bronsen i kulestøyt. Ved dei olympiske sommarleikane i Moskva i 1980 vann ho bronsemedaljen i kule-tevlinga, ei veke seinare enda ho på femteplass i diskoskastinga.

Pufe presterte som best 21,58 meter i kulestøyt i Erfurt i 1978, og 68,64 m i diskoskast i Berlin i 1979.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]