Erfurt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Erfurt
Schloss Oberhausen
Schloss Oberhausen
Byvåpen Plassering
Byvåpenet til Erfurt
Erfurt is located in Tyskland
Styresmakter
Land
Delstat
Regierungsbezirk‎
Landkreis
Tyskland Tyskland
Thüringen
Ingen
Kreisfri by
Først nemd i 742
Geografi
Flatevidd
 - By

269,17 km²
Innbyggjarar[1]
 - By (2007)
   - folketettleik

202 844
  754/km²
Koordinatar 50°59′0″N 11°2′0″EKoordinatar: 50°59′0″N 11°2′0″E
Høgd over havet 158-430 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 99001-99198
Telefon-retningsnummer 0361
Bilnummer EF
Heimeside: www.erfurt.de

Erfurt er ein by sentralt i Tyskland og hovudstad i delstaten Thüringen med om lag 200 000 innbyggjarar. Byen ligg 100 km sørvest for Leipzig, 113 km søraust for Kassel og 180 km søraust for Hannover. Ein kan nå Erfurt lufthamn frå München, Köln, Düsseldorf og Hamburg.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Etter gjenforeininga av Tyskland har Erfurt vore den byen som ligg nærast det geografiske senteret i Tyskland. Han ligg i den vide dalen til elva Gera, ei sideelv til Unstrut. Sør for byen ligg det eit skogkledd og åslendt landskap kalla Steigerwald.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Mariendom og Severikirche

Erfurt vart først nemnd i 742 med namnet Erphesfurt. Han var ein viktig handelsby i mellomalderen nær ein vadestad over elva Gera; endinga -furt i bynamnet tyder vadestad. I lag med dei fem andre byane i Thüringen, Gotha, Tennstedt, Arnstadt og Langensalza, var han eit senter for handel med vaid, ei plante som vart nytta i mellomalderen til å blåfarge ullgarn og ulltøy med. I 1392 vart Erfurt Universitet grunnlagd, som var kjend i si tid men som vart lagt ned i 1816. I 1803 vart Erfurt ein del av Preussen. Sjølv om området Thüringen låg rundt byen vart han verande prøyssisk fram til 1944. Etter den andre verdskrigen hamna byen i den sovjetiske okkupasjonssonen, som seinare vart Aust-Tyskland. Etter den tyske gjenforeininga vart Erfurt hovudstad i delstaten Thüringen som då vart gjennoppretta på nytt.

I motsetnad til dei fleste andre store tyske byar vart ikkje Erfurt særleg hardt råka av bombetokta til dei allierte under krigen.

26. april 2002 tok studenten Robert Steinhäuser livet av tretten lærarar, to studentar, ein politibetjent og seg sjølv ved gymnaset Gutenberg.

Attraksjonar[endre | endre wikiteksten]

  • Augustinerklosteret, der Martin Luther levde som munk i 1505-11.
  • Krämerbrücke, ei overbygd bru som kryssar elva Gera. Ho vart bygd i 1325 med ei kyrkje på kvar side. Den eine kyrkja står framleis i dag.

Ymse[endre | endre wikiteksten]

Erfurt var fødestad for ein av Johann Sebastian Bach sine søskenborn, Johann Bernhard Bach (1676-1749), og sosiologen Max Weber (1864-1920). Erfurt er heimbyen til Gunda Niemann-Stirnemann, ein av dei største skeiseløparane gjennom tidene. Den nye skeishallen i byen fekk i 2001 namnaet Gunda Niemann-Stirnemann Halle. Erfurt er ein av Tyskland sine tre store skøytesenter. Dei to andre er Inzell og Berlin.

Vennskapsbyar[endre | endre wikiteksten]

Erfurt er vennskapsby med Györ i Ungarn, Haifa i Israel, Kalisz i Polen, Lille i Frankrike, Lovetsj i Bulgaria, Mainz i Tyskland, San Miguel de Tucumán i Argentina, Shawnee i staten Kansas i USA, Vilnius i Litauen og Yan'an i Folkerepublikken Kina.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Erfurt

Kjelder[endre | endre wikiteksten]