Marienlyst stadion

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

59°44′3.5088″N 10°12′5.2560″E / 59.734308000°N 10.201460000°E / 59.734308000; 10.201460000

Marienlyst stadion

Kallenamn Gamle Gress
Adresse Knoffsgate 6
3044 Drammen
Eigar Drammen kommune
Brukarar Strømsgodset, Drafn, Drammen FK (fotball)
Underlag Kunstgress (siden 2008)
Banestorleik 106 m x 68 m
Kapasitet 8 935
Historiske årstal
Påbegynt
1923
Opna
1924
Stengd

Marienlyst stadion, òg kalla «Gamle Gress», er ein fotballstadion i Drammen. Han vart opna i 1924 og er éit av fleire idrettsanlegg som ligg på friluftsområdet Marienlyst. Storleiken til banen er 106 x 68 meter. Dekket til banen er kunstgras, og stadion har òg flaumlysanlegg, varmekablar og kunstis. Marienlyst Stadion har sidan 1967 vore heimebane for Strømsgodset som for tida spelar i Eliteserien. Stadion er eller har òg vore heimebane for Drafn, Skiold og Drammens BK. Cupfinalen i 1932 vart spelt her. Drafn spelte NM-finale (omkamp) junior her i 1960 mot Fredrikstad og tapte 1-2.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Drafn var flittig deltakar i NM frå 1910, men saknet etter ein grasbane vart etter kvart stort. NM-finalen i fotball i 1918 mellom Kvik Halden og Brann vart spelt på ein grusbane på Marienlyst-området. Etter første verdskrigen hadde dei fleste byane fått grasbane, men Drammen hengde etter. Drafn sette i gang arbeidet med å få til ein grasbane, og i 1922 fekk dei støytte frå fotballforbundet til dette. Likevel overtok Drammen kommune planen, då fleire klubbar i byen òg ville spele på gras. I 1923 starta arbeidet, og banen vart innvigd i 1924 med ein kamp mellom eit samansett Drammenslag og eit samansett Kristiania-lag. Det var tømmertribunar rundt heile banen, dei siste restane av desse låg i klokkesvingen fram til hausten 2007.

Vinteren 1971/72 vart ein betongtribune reist på langsida mot tennisanlegget. Denne hadde eit lite tak over VIP-plassane. På 90-talet vart det lagt tak over heile tribunen.

Den gamle tømmertribunen mot elva vart fjerna i 1990 og gav plass til Idrettens Hus. Inn mot banen vart det sitteplassane som GodsetUnionen i dag nyttar seg av (Gulskogen-tribunen).

Tømmertribunen mot Schwartsgate/friluftsbadet vart i 2001/02 erstatta av den nye hovudtribunen, som òg fungerer som garderobeanlegg for både fotballarenaen og bandybanen vis-à-vis .

Det opphavlege graset låg urørt i 67 år, då stadion fekk ei lenge etterlengta ansiktsløfting i 1996. Vinteren 2007/08 vart det lagt kunstgras på stadion, med høve for kunstis til bandyspel vinterstid.

Tribuneanlegga består av fire delar: DrammensTidende-tribunen, Gulskogen-tribunen, Nextgentel-tribunen (tidl:Ole K Karlsen-tribunen) og Klokkesvingen.

Marienlyst nye[endre | endre wikiteksten]

Like ved fotballstadion ligg eit anlegg for friidrett. Anlegget, som i daglegtale blir kalla «Marienlyst nye» eller «Nye Gress», vart offisielt innvigd i 1951 og blir òg brukt til fotball.[1] Banen var tidlegare islagt vinterstid, og vart brukt til hurtigløp på skeiser (blant anna NM i 1966) og bandy (mange finalar og landskampar). Marienlyst nye fekk flaumlys i 1962.

Kunstisbane[endre | endre wikiteksten]

Marienlyst er òg namnet på den kunstfrosne bandybanen frå 2002, som brukar same garderobebygg som «Gamle Gress». Bandybanen gjev òg plass til ein 400 m bane for hurtigløp på skøyter, der bl.a NM allround vart arrangert i 2006.

Bandybanen er om sommaren i bruk som kunstgrasbane for fotball.

Andre anlegg på området[endre | endre wikiteksten]

Stadionområdet omfattar dessutan Drammenshallen som vart oppført i 1977, ein turnhall som kom i 1936, og dessutan Marienlystbadet, innvigde i 1965 og ombygd i 2008. Turnhallen og badeanlegget ligg like vest for kunstisbanen. Inntil nyleg var det òg to innandørs og to utandørs tennisbanar aust på området, men desse vart fjerna våren 2009 for å gje plass til nybygget til Strømsø skole.

Marienlyst er olympisk arena frå 1952, to ishockeykampar vart spelte her under OL i Oslo.

Fram til Drammen Travbane vart flytta til Åssiden i 1955, låg det ein travbane på Marienlyst. Han låg der der kunstisbanen, «friluftsbadet» og «Nye Gress» ligg i dag.

Ny fotballarena[endre | endre wikiteksten]

Strømsgodset planla å byggje ny stadion på Sundland, men dette prosjektet stranda på grunn av finansieringsproblem. Det blir i staden vurdert løysingar for ombygging av den noverande arenaen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. (6.september 1951) VG, Idrettsanlegget på Marienlyst innviet i går

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]