Mariner 10

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Mariner 10

Mariner 10 var den siste romsonden i det amerikanske Mariner-programmet. Den vart skoten opp 3. november 1973 og flaug forbi både planeten Merkur og planeten Venus. Mariner 10 var den første romsonden som brukte ein planet sitt gravitasjonsfelt for å endre fart og lengderetning.

Målsetjingar[endre | endre wikiteksten]

Måla med romsonden var å undersøke atmosfæra og overflata på Merkur og Venus. Sekundære mål var å få erfaring med såkalla dual planet gravity assists-der sonden skulle nytte tyngdekrafta frå dei to planetane til å endre fart og retning. Mariner 10 vart den første romsonden til å nytte denne metoden som seinare vart nytta av Voyager 1, Cassini-Huygens samt romsonden Ulysses.

Romferda[endre | endre wikiteksten]

Venus i vanlege fargar, prosessert frå klare og blå filtrerte Mariner 10 bilete
Mariner fotografi av Venus sett i ultrafiolett lys

Mariner 10 vart skoten opp 3. november 1973, omtrent 2 år etter Mariner 9. Ved dei første vekene etter oppskytinga vart kameraet i romsonden testa ved å returnere 5 mosaikkbilete av jorda, samt 6 ifrå Månen. Månen si Nordpol vart og ytterlegare fotografert der tidlegare dekking var dårleg.

Mariner 10 passerte planeten Venus den 5. februar 1974 og var 5 768 km ifrå på det næraste. Med ultrafiolette kameraer var det mogleg å sjå skylag som knapt var synleg i vanleg lys. Ein har tidlegare kunna sjå desse skylaga frå jorda med ultrafiolette kameraer, men detaljane sett frå Mariner 10 overraska mange.

Mosaikkbilete av planeten Merkur

Etterpå gjorde Mariner 10 tre forbiflygingar av planeten Merkur. Den første forbiflyginga hende den 29. mars 1974,den andre forbiflyginga hende den 21. september 1974 og den tredje og siste forbiflyginga gjekk føre seg den 16. mars 1975. Romsonden Mariner 10 kartla 40 % av overflata til planeten og oppdaga ein tynn atmosfære og eit magnetfelt.

Undersøkinga vart avslutta den 24. mars 1975, då romsonden gjekk tom for drivstoff. Romsonden går no i bane rundt sola, men elektronikken om bord er nok mest truleg skada av stråling frå sola.

Bakgrunnsinformasjon[endre | endre wikiteksten]

Mariner-programmet
Mariner 2
Førre ferd: Mariner 9 Neste ferd: Ingen
Mariner 1 | Mariner 2 | Mariner 3 | Mariner 4 |
Mariner 5 | Mariner 6 og 7 | Mariner 8 | Mariner 9 | Mariner 10