Marsmeteorittar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Marsmeteoritten shergotitt

Marsmeteorittar er meteorittar ein meiner har kome frå Mars. Ein har funne kring 15 slike meteorittar, dei fleste av dei i Antarktis. Ein av desse meteorittane, EETA 79001, har fått namnet shergotitt, og inneheld karbonatmineral og uvanleg mykje karbon, som tolkast som opphavleg organisk materiale.

I 1996 fann forskarar frå NASA forsteina, bakterieliknande strukturar i ein 1,9 kg tung marsmeteoritt kalla ALH 84001 (Allan Hills 84001), frå Antarktis. Denne vart opphavleg henta ut av isen i 1984. Meteoritten er kring 3,9 milliardar år gamal. Han styrta ned på isen i Antarktis for kring 13 000 år sidan.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]