Mafiske mineral

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Mafiske mineral er mineral med ein tettleik større enn 3 g/cm³. Mafiske mineral som er vanlege i steinar på jorda inkluderer olivin, pyroksen, amfibol, biotitt og andre glimmermineral, augitt og dei kalsiumrike plagioklas feltspata. Mafiske bergartar vanlege på jorda inkluderer basalt og gabbro.

Mafisk lava har, samanlikna med felsisk, ein låg viskositet grunna den mafiske lavaen sitt låge silikatinnhald. Vatn og andre flyktige stoff kan enklare og meir gradvis forlata mafisk lava, så utbrot frå vulkanar med mafisk lava er mindre eksplosive enn dei til vulkanane med felsisk lava. Dei fleste vulkanane med mafisk lava er sjø- og skjoldvulkanar, slik som Hawaii (danna over varmepunkt og spreiingssoner).

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]