Meteoritt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Månemeteoritten ALH81005
Marsmeteoritten ALH84001 inneheld formasjonar som nokre forskarar trur kan vere fossil.

Ein meteoritt er ein del av ein meteoroide frå verdsrommet som gått gjennom atmosfæren som ein meteor, og har falle ned på jordoverflata. Meteorittar består oftast av silikatmineral og ulike jarn-nikkel-legeringar eller kombinasjonar av desse. I Noreg er det til no offisielt kjent 13 meteorittar. Den 13. og siste var nedfallet av Moss-meteoritten den 14. juli 2006. Ein deler gjerne inn meteorittar i funn og fall.

I klassifiseringa av meteorittar skil ein mellom 1) steinmeteorittar, 2) stein-jarnmeteorittar og 3) jarnmeteorittar.

Steinmeteorittar deler ein igjen i såkalla kondrittar og akondrittar. Kondrittar er den klart mest vanlege meteoritt-typen, særleg av fall (ca. 90%). Det mest karakteristiske ved denne typen er at dei er bygd opp av såkalla kondrular, som er små kuler av særleg pyroksen- og olivin-mineral. Størrelsen av desse kan variere sterkt, med eit gjennomsnitt på ca. 1 mm, medan nokre kan vere over 1 cm. Dei har ikkje vore utsett for større endringar sidan dei vart til for om lag 4.55 milliardar år sidan, samtidig med at solsystemet vårt vart til. Det viser at det tidlege solsystemet var gjennom ei sannsynleg høgtemperatur-hending på minst ca. 1400 grader C, då mineralmaterialet i det tidlege solsystemet vart smelta til dropeform, som no altså er kondrulane i kondrittane.

Akondrittar liknar meir på jordiske vulkanske bergartar, då dei har vore utsett for såkalla differensiering dvs. smelting. Alle meteorittar frå Mars og Månen er akondrittar (litt over hundre stykke). Nesten alle meteorittar inneheld ein større del jarn, også fritt, bortsett frå akondrittane. Det ligg på rundt 20% for kondrittane og dette skil dei ut frå jordisk stein. Det varierer frå høgt til lågt jarninnhald gjennom dei tre typane av såkalla ordinære (vanlege) kondrittar; H, L og LL. Utanom dei ordinære kondrittane finst dei såkalla enstatitt-kondrittane og dei karbonhaldige kondrittane. Dei karbonhaldige kondrittane har vore omfatta med stor interesse då enkelte typar av dei inneheld aminosyrer og andre organiske byggestoff til liv, saman med ein mindre prosentdel karbon.

Det er til no funne ca. 40.000 meteorittar, dei fleste i Antarktis og tildels Sahara.

Når ein meteor av tilstrekkeleg storleik treffer landjorda, blir det danna eit krater.

Meteorittar frå Mars[endre | endre wikiteksten]

Ein har funne kring 15 meteorittar som ein trur har kome frå Mars. Dei fleste av desse er funne i Antarktis. Ein av meteorittane, EETA 79001, har fått eit eige namn, shergotitt, og inneheld karbonatmineral og uvanleg mykje karbon som vert tolka som opphavleg organisk materiale.

I august 1996 melde forskarar frå NASA om at dei hadde funne forsteina, bakterieliknande strukturar i ein 1,9 km tung meteoritt frå Mars, ALH 84001 (Allan Hills 84001), frå Antarktis. Meteoritte er om lag 3,9 milliardar år gammal og vart henta ut av isen i 1984. Han kan ha vorte slynga ut frå Mars etter at ein stor asteroide eller komet kanskje råka Mars for kring 16 millionar år sidan. Etter å ha krinsa kring sola i lang tid styrta han ned på isen i Antarktis for 13 000 år sidan. Det vart mykje diskusjon kring funnet og mot slutten av 1997 vart det vist at strukturane mest truleg ikkje var organiske. [1]

Nokre norske meteorittar[endre | endre wikiteksten]

  • Ski var den første meteoritten funne i Noreg i 1848.
  • Alta-meteorittane vart funne ved Alta i 1902.
  • Moss datt ned over Rygge og Moss 14. juli 2006.

Kjende utanlandske meteorittar[endre | endre wikiteksten]

Sjå også[endre | endre wikiteksten]

Meteorittar i fiksjon[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Delvis frå Bokmålswikipediaen

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Inge Bryhni. «Meteoritter fra Mars». Store norske leksikon. Henta 6. september 2010. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Meteoritt
Spire Denne astronomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.