Mateo Garralda

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mateo Garralda
Statsborgarskap Spania
Fødd 1. desember 1969 (54 år)
Burlada
Idrett handball
Tok del i

Sommar-OL 2004, Sommar-OL 2000, Sommar-OL 1996, Sommar-OL 1992

Utmerkingar

Navarra sin gullmedalje for bidrag til idretten

Mateo Jesús Garralda Larumbe (fødd 1. desember 1969) er ein spansk tidlegare handballspelar frå Burlada som i 2005 vart verdsmeister med Spania. Perioden 1993-2005 var han med på å vinne EHF-meisterligaen seks gongar og den spanske seriemeisterskapen sju gongar. Omframt VM-gullet sanka han tre EM-medaljar og to OL-bronsar med Spania sitt landslag. Garralda var høgre rykkromspelar.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Garralda deltok i 233 landskampar for Spania og skåra 593 mål. I 1996 vann han ein sølvmedalje ved europameisterskapen og bronse i Sommar-OL i Atlanta i 1996. Også i 1998 tapte han og Spania EM-finalen. År 2000 tok til med siger i bronsefinalen ved europameisterskapen, åtte månader seinare sigra han også i bronsekampen under Sommar-OL i Sydney. 6. februar 2005 skåra han fire mål då Spania i tunisiske Radès slo Kroatia med 40–34 i finalen i Handball-VM.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Garralda debuterte i den spanske toppserien for Granollers. 1991/92-sesongen var han Atlético Madrid-spelar. Frå 1992 til -96 spelte han for Cantabria, der han i 1993 vann seriemeisterskapen og EHF-europaserien, 1994 seriemeisterskapen og EHF-meisterligaen, 1995 EHF-cupvinnarcupen og 1996 meisterligaen. Deretter gjorde han teneste i FC Barcelona. Med det katalanske mannskapet sigra han åra 1997 og 1998 i såvel den nasjonale seriemeisterskapen og cupmeisterskapen, samt i meisterligaen. Også i 1999 triumferte Barcelona i den spanske seriemeisterskapen og i den europeiske meisterligaen. Etter usemje med trenaren flytta Garralda i 1999 over til Portland San Antonio. Her vann EHF-cupvinnarcupen i 2000, den spanske cupen og EHF-meisterligaen i 2001, og den nasjonale serien i 2002 og 2005. 2006-08 var han å sjå Ademar León-drakt. Deretter flytta han til danske Kolding IF, eit lag som i 2009 gjekk til topps i den danske toppserien. Han slutta som aktiv i 2012, etter ein sesong hos spanske Guadalajara.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • VM-gull: 2005 med Spania
  • EM-sølv: 1996, 1998 med Spania
  • OL-bronse: 1996, 2000 med Spania
  • EM-bronse: 2000 med Spania
  • Vinnar av EHF-meisterligaen: 1994, 1996 for Cantabria, 1997, 1998, 1999 for Barcelona, 2001 for Portland San Antonio
  • Vinnar av EHF-cupvinnarcupen: 1995 for Cantabria, 2000, 2004 for Portland San Antonio
  • Vinnar av EHF-europaserien: 1993 for Cantabria
  • Spansk seriemeister: 1993, 1994, 1996 for Cantabria, 1997, 1998, 1999 for Barcelona, 2002, 2005 for Portland San Antonio
  • Spansk cupmeister: 1997, 1998 for Barcelona, 2001 for Portland San Antonio
  • Dansk seriemeister: 2009 for Kolding IF

Kjelder[endre | endre wikiteksten]