FC Barcelona

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
FC Barcelona
Fullt namn FC Barcelona
Kallenamn Barça, Blaugrana
Grunnlagd 1899
Heimebane Camp Nou,
Barcelona
(Kapasitet: 98 600)
Styreleiar Sandro Rosell
Liga Primera División
Heimedrakt
Bortedrakt

Futbol Club Barcelona er ein spansk (katalansk) fotballklubb. Heimebana Camp Nou ligg i byen Barcelona.

FC Barcelona er den største idrettsklubben i verda med over 130 000 medlemar frå heile verda. Fotballaget er det einaste som har delteke i europacupar uavbrote sidan byrjinga i 1955. Klubben sine andre lag (basketball, håndball, landhockey, friidrett, ishockey, innefotball, rugby, baseball, volleyball og kvinnefotball) har vunne utallige titlar både nasjonalt og internasjonalt. FC Barcelona har 21 spanske seriemeisterskap, 25 sigrar i den spanske cupen, to sigrar i UEFA Champions League/Serievinnarcupen, fire i cupvinnarcupen og fire i UEFA-cupen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Tilhengjarar i Barcelona-fargar

FC Barcelona vart stifta den 29. november 1899 av sveitsaren Hans Gamper. Hans, som i Katalonia vert kalla Joan, var ein fotballentusiast og kom til Barcelona først i 1898 i samband med forretningar. Allereie i 1901 vann klubben sin første tittel.

Da den spanske ligaen (La Liga) vart stifta i 1929 vann FC Barcelona den første sesongen. Klubben fekk problem i tida etter den spanske borgarkrigen. Klubben følte seg ofte diskriminert i høve rivalen frå Castilla, Real Madrid.

Etter vanskelege år i etterkrigstida fekk klubben ei renessanse då nederlendaren Johan Cruyff kom til klubben i 1973. Den rekordhøge overgangssummen på £ 922 300 vart raskt gløymd då han leia FC Barcelona til ein 5-0-seier mot Real Madrid på Santiago Bernabéu, noko som sikra FC Barcelona serieimesterskapen.

Tidleg i 1990-åra vart FC Barcelona den leiande klubben i Spania, med fire seriemeisterskap på rad frå 1990 til 94, i tillegg til ein siger i Champions League. Klubben vart på denne tida leia av Cruyff.

FC Barcelona i dag[endre | endre wikiteksten]

Barcelonaspelarar i kamp mot Real Club Celta de Vigo

I dag er nederlendaren Frank Rijkaard manager i klubben. I 2004/05-sesongen vann klubben på ny La Liga, med god hjelp av verdsstjerner som Ronaldinho og Samuel Eto'o. Mange meiner FC Barcelona er eitt av Europas beste klubbar, og klubben sine fans håpar at dei er på veg inn i ein ny gullalder. Barcelona er allereie på god veg etter at dei vann primera divison i 04/05 sesongen. Barcelona vann Champions League 05/06.

Klubben sin typiske førsteellevar i 2005

Spelarstall[endre | endre wikiteksten]

(2010/2011) per 23. desember 2010 Note: Flagga viser til landslaget som spelaren kan spela for, som definert av FIFA sine reglar. Spelarane kan ha fleire nasjonalitetar i annan forstand.

Nr. Posisjon Spelar
1 Flagget til Spania MV Víctor Valdés
2 Flagget til Brasil F Daniel Alves
3 Flagget til Spania F Gerard Piqué
5 Flagget til Spania F Carles Puyol (kaptein)
6 Flagget til Spania M Xavi Hernández
7 Flagget til Spania A David Villa
8 Flagget til Spania M Andrés Iniesta
9 Flagget til Spania A Bojan Krkić
10 Flagget til Argentina A Lionel Messi
11 Flagget til Spania A Jeffrén Suárez
Nr. Posisjon Spelar
13 Flagget til Spania MV José Manuel Pinto
14 Flagget til Argentina M Javier Mascherano
15 Flagget til Mali M Seydou Keita
16 Flagget til Spania M Sergio Busquets
17 Flagget til Spania A Pedro Rodríguez
18 Flagget til Argentina F Gabriel Milito
19 Flagget til Brasil F Maxwell Andrade
20 Det nederlandske flagget M Ibrahim Afellay
21 Flagget til Brasil F Adriano Correia
22 Flagget til Frankrike F Éric Abidal

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: FC Barcelona


Primera Division 2010/2011

Almería | Athletic Bilbao | Atlético Madrid | Barcelona | Deportivo de La Coruña | Espanyol | Getafe | Hércules | Levante | Málaga | Mallorca | Osasuna |
Racing Santander | Real Madrid | Real Sociedad | Sevilla | Sporting Gijón | Valencia | Villarreal | Zaragoza