Mazo de la Roche

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mazo de la Roche

Pseudonym Mazo de la Roche
Statsborgarskap Canada
Fødd 15. januar 1879
Newmarket
Død

12. juli 1961 (82 år)
Toronto

Yrke romanforfattar, skribent, skodespelforfattar, novelleforfattar
Far William Richmond Roche
Mazo de la Roche på Commons

Mazo de la Roche (15. januar 187912. juli 1961) var ein kanadisk forfattar. Ho er mest kjend for den populære Jalna-serien, som utkom frå 1927 til 1958 i 16 bind.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Mazo de la Roche var einaste barn av seljaren William Roche og Alberta (Lundy) Roche. Ho hadde ein einsam oppvekst og familien flytta ofte. Ho fann tilflukt i bøker, og utvikla si eiga fantasiverd kalla «The Play», som ho utvikla med personar og hendingar. Ho var berre ni då ho skreiv si første novelle.

Då ho var sju år gammal adopterte foreldra hennar den yngre kusina Caroline Clement, som hadde mista foreldra. Ho lét seg trekka inn i Mazo si fantasiverd, og vart etterkvart lispartnaren hennar. Paret levde eit tilbaketrekt liv. I 1931 adopterte Roche/Clement to barn. Eit søskenpar som hadde vorte foreldrelause, foreldra til barna hadde vore vener av Roche og Clement.

Ein av bustadene til familien i Mazos barndom var i nærleiken av ein større gard, drive som hobbybruk av ein rikmann. Det var utor denne staden at ho byrja å utvikla historiene som vart til Jalna-serien. Herregarden Benares Historic House i Clarkson i Ontario blir rekna for å vera denne staden, og staden blir no forvalta av Ontario Museum Association. Ein park i nærleiken har fått namnet Whiteoaks, henta frå serien.

Heimen til de la Roche i 3590 Bayview Avenue i Toronto vart i 1975 kjøpt av The Zoroastrian Society of Ontario, som bruker huset som forsamlingshus.

Eit tilbakevendande spørsmål er uttala av namnet. Det skal uttalast may'zo og rosh.

Forfattarskap[endre | endre wikiteksten]

Den første forteljinga hennar vart publisert i Munsey's Magazine i 1902, men skriving som karriere byrja ho med først etter at faren var død. Dei to første romanane hennar, Possession (1923) og Delight (1926), var romantiske forteljingar som gjorde lite inntrykk på kritikarane og bokkjøparane.

Den tredje romanen ho skreiv var Jalna. Den sende ho inn til tidsskriftet Atlantic Monthly i USA, der ho vann ein pris på 10 000 dollar for han. Sigeren i romankonkurransen og den følgjande utgjevinga gav forfattaren – som då var 48 år gammal – både ære, ry og inntekter. Serien vart ein suksess, og ho skreiv etterkvart 16 bøker i Jalna-serien, eller Whiteoak-krønikene. Serien skildrar Whiteoak-familiens liv gjennom 100 år, frå 1854 til 1954 Romanane vart ikkje skrivne i kronologisk orden, og kvar av dei kan lesast som ei sjølvstendig forteljing.

Enkelte kritikarar har påpeika likskapar mellom Roche si eiga familiehistorie og opp- og nedgangen til Whiteoak-familien. Det blir òg antyda at Finch i Finch's Fortune har fleire likskapstrekk med forfattaren.

Serien har selt i meir enn 11 millionar eksemplar gjennom utgåver på ei lang rekke språk. Serien er filmatisert 2 gonger.

Jalnaserien[endre | endre wikiteksten]

Nr Utgjeve år Originaltittel Norsk omsetjing
1 1944 Building of Jalna Jalna blir til
2 1960 Morning at Jalna Morgen på Jalna
3 1949 Mary Wakefield Mary Wakefield
4 1935 Young Renny Ungdom og galskap; først utgitt som De unge på Jalna
5 1940 Whiteoak Heritage Renny
6 1953 The Whiteoak Brothers Gull og kjærlighet
7 1927 Jalna Hans brors hustru; først utgitt som Jalna
8 1929 Whiteoaks (Whiteoaks of Jalna) Den gamle herregården, først utgitt som Familien på Jalna
9 1932 Finch's Fortune Ung kjærlighet, først utgitt som Finch's formue
10 1933 The Master of Jalna Herren til Jalna; først utgitt som Herren på Jalna
11 1936 Whiteoak Harvest Flukt og forsoning, først utgitt som Vinter på Jalna
12 1941 Wakefield's Course Farlig forelskelse
13 1946 Return to Jalna Hjem fra krigen
14 1951 Renny's Daughter Rennys datter
15 1954 Variable Winds at Jalna Sol og skyer over Jalna
16 1958 Centenary at Jalna Jubileum på Jalna

Serien er omsett til norsk av Liv Malling, og er utgjeven fleire gonger: 1934-60, 1962, 1974, 1976, 1980, 1987. Ho har også skrive andre bøker.

Filmatiseringar[endre | endre wikiteksten]

  • Jalna frå 1935, basert på romanen.[1]
  • The Whiteoaks of Jalna, 1972, ein tv-serie frå CBC i tretten timelange episodar.[2]
  • Jalna, 2004, tv-serie frå France 2, 8 episodar på 90 minutt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. IMDb
  2. IMDb film.queensu.ca