MediaWiki-diskusjon:Sidebar

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Flytta frå Samfunnshuset av EIRIK\diskusjon 16:01, 4 oktober 2006 (UTC)

Samfunnshuset inn i navigeringsmenyen?[endre wikiteksten]

Kva med å setje Samfunnshuset inn i navigeringsmenyen, mellom «Brukarportal» og «Siste endringar». Dette kan fylle opp tomrommet som har vorte i det siste (pga. at vi har fjerna «aktuelt») og gje lettare tilgong til Samfunnshuset. --EIRIK\diskusjon 17. okt. 2005 kl. 15:08 (UTC)

Det såg fint ut, bortsett frå at tomrommet var der likevel. Kan dette fiksast? Ikkje at det har så mykje å bety, men det var finare slik det var før. --EIRIK\diskusjon 17. okt. 2005 kl. 15:19 (UTC)

Kva tomrom tenkjer du på? Hjå meg er det ikkje noko tomrom mellom «Brukarportal» og «Siste endringar», aktuelt har vel heller nesten aldri vore der. eg har òg tenkt på om ein burde lenkje til Samfunnshuset frå navigasjonsmenyen, men eg er ikkje sikker på om det er bruk for det, og slik samfunnshuset er no blir det alt for fort fyllt opp. Dersom det blir meir synleg reknar eg med at dette fører til meir innlegg som ikkje blir rydda opp i. --Guttorm 20. okt. 2005 kl. 17:13 (UTC)
No var visst tomrommet vekke hjå meg òg. --EIRIK\diskusjon 20. okt. 2005 kl. 17:18 (UTC)

Slutt på innhald flytta frå Samfunnshuset av EIRIK\diskusjon 16:01, 4 oktober 2006 (UTC)

I eit søk etter spenning og konflikt la eg inn Samfunnshuset i navigasjonsboksen. Er det eit dårleg triks? Eg har sett at dei har gjort det same med Tinget på bokmålen, og tykkjer i grunn det er greitt å ha forumet lett tilgjengeleg på sida. Eg veit at eg helst ikkje skal gjere sånne endringar utan ordskifte på førehand, men eg måtte finne ut korleis det skulle gjerast først (alt for nysgjerrig), og når det no er gjort tenkte eg at ordskiftet kunne kome i ettertid ;-) / Kurtber|Ordskifte 6. juni 2006 kl. 10:12 (UTC)