Mellomrikslovene

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Mellomrikslovene var lover og forordningar som regulerte handels- og sjøfartstilhøva mellom Noreg og Sverige i tida 1815 til 1897.

Den fyrste mellomrikslova vart vedteken i 1815, som lov i Noreg, og som forordning i Sverige. Vanleg handelstraktat kunne ikkje brukast, då landa hadde sams konge. Mellomrikslova frå 1815 gav berre toll-lette for visse matvarer, men vart seinare utvida, mellomrikslova frå 1874 gav gjensidig full tollfridom for alle innanlandske produkt, òg til dei som kravde utanlandsk råstoff. I 1880-åra vart verjetollen sett høgre i Sverige enn i Noreg. Då mellomrikslova skulle nyast opp att i 1890, ville Sverige difor gjera unnatak for produkt med utanlandsk råstoff, for dei skulle det betalast ein differansialtoll svarande til skilnaden mellom norsk og svensk toll. Desse tingingane førde ikkje til semje, og 1895 sa Sverige opp mellomrikslova, som gjekk ut i 1897.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]