Menstruasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Gå til: navigering, søk
Dagar i menstruasjonssyklusen
Dagar i menstruasjonssyklusen

Menstruasjon, mensen, det månadlege osb. er nemingar brukte om ei blødning frå vagina som dei fleste kvinner i fruktbar alder har om lag ein gong i månaden (gjennomsnittleg kvar 28. dag). Blødninga er eigentleg ei utsondring av både blod og slimhinnerestar.

Menstruasjonssyklusen er ein fysiologisk syklus som er styrt av kjønnshormon og er ein naudsynt prosess for reproduksjon. Store apar, som sjimpansar og orangutangar, har også menstruasjonssyklusar, men hjå dei fleste andre pattedyra finn vi i staden østrus-syklus. Denne artikkelen handlar hovudsakleg om menstruasjon hjå menneske.

Syklusen tek til ved at kvinnekroppen frigjev ei eggcelle (somme gonger fleire) frå eggstokkane, noko som blir kalla eggløysing. Medan egget vandrar ned eggleiaren bygger det seg opp ei slimhinne i livmora. Viss egget blir befrukta vil det slå seg til ro der og veksa. Viss det ikkje skjer noka befrukting vil kroppen skilja ut livmorsslimhinna, som kjem ut saman med blod som menstruasjon. Dersom menstruasjonen uteblir reknar ein det gjerne som eit teikn på at ein er blitt gravid, sjølv om det ikkje alltid treng vera det.

Menstruasjonen tek til under puberteten til normalt fruktbare kvinner ein stad mellom åtte og seksten års alder, men i gjennomsnitt i tolvårsalderen.[1] Den første menstruasjonen blir feira i mange kulturar med ein overgangsseremoni. Etter overgangsalderen, typisk mellom 45 og 55 års alder, slutter kvinner å menstruera og kan dermed ikkje lenger få barn. Også denne overgangen er viktig i mange kulturar, til dømes kan kvinner ha friare reglar for kva som er sømeleg klesdrakt.

Denne artikkelen er ikkje (ferdig) omsett frå engelsk enno.

Hjelp oss gjerne med å gjera omsetjinga ferdig!


Innhaldsliste

[endre] P-pillar

For meir om dette emnet, sjå P-pille.

P-pilla er ei hormonpille av østrogen og progesteron kvinner kan taka for å unngå normal fruktsemd. Pilla hindrar eggløysing frå eggstokken. P-pilla vart fyrst godkjend som prevensjonsmiddel 1960 i USA, etter det har ho vorte særs populær. Ho vert nytta av over 100 millionar kvinner i heile verda. Bruken varierar etter land, alder, utdanning og sivilstatus: 25% av kvinnene i Storbritania mellom 16-49 brukar p-pilla, men berre under 1% av kvinner nyttar ho i Japan.

[endre] Engelsk

[endre] Religion

Innenfor enkelte religioner betraktes kvinner som "urene" ved menstruasjon.

  1. Mal:Note Ibid., "What is a typical menstrual period like?" (accessed June 11, 2005).
  1. At what age does a girl get her first period?, frå Menstruasjon and the Menstrual Cycle, National Women's Health Information Center (accessed June 11, 2005).

-->

[endre] Bakgrunnsstoff

Personlege verktøy