Mesoskala konvektiv samansetting

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ei mesoskala konvektiv samansetting er eit stort mesoskala konvektivt system, og er bygd opp av fleire torebyer. Samansettinga har ofte ei rund eller oval form, og er som regel på sitt sterkaste om natta. Definisjonen av ei mesoskala konvektiv samansetting inneheld spesielle vilkår for storleik, varigskap og eksentrisitet (t.d. kor «rundt» systemet er) basert på skymassen ein kan sjå på infraraude satellittbilete:

  • Storleik: Området av skytoppen som er -32 °C eller mindre skal vere 100 000 km² eller meir, og området av skytoppen som er -52 °C eller mindre må vere 50 000 km² eller meir
  • Varigskap: Storleiksvilkåret må oppretthaldast i minst 6 timar.
  • Eksentrisitet: Forholdet mellom den litle aksen og hovudaksen må vere minst 0,7.

Mesoskala konvektive samansettingar oppstår vanlegvis om ettermiddagen og kvelden i form av fleire isolerte torebyer, som utvidar seg kraftig i høgda. Tidleg i livssyklusen er faren størst for alvorleg uvêr. Når systemet vert eldre vil eit lagdelt skydekke med kraftig regn oppstå i bakkant av systemet, og dette har innimellom ført til flaum.

På eit meteorologisk analysekart kan ein sjå systemet som eit område med store trykkfall i framkant og store trykkstigingar i bakkant.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]