Flaum
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Flaum er ei naturleg, men ofte uventa hending som skjer når vatn skyljer over landområde.
Innhaldsliste |
[endre] Årsaker
Det kan koma flaum når mykje vatn samlar seg ein stad, til dømes på grunn av store nedbørsmengder, vind som bles i ein viss retning, stor snøsmelting, orkanar, springflod, eller når fleire av desse verkar saman. Flaum skjer gjerne ved at elvar går over breddane sine, men havet kan gjera det same, og mykje nedbør utan avløp kan òg føra til flaum.
Flaum kan òg skje når ei hindring, til dømes ein demning, brest og vatnet får eit nytt utløp. Jøkulhlaup frå isbresjøar er døme på dette.
[endre] Menneskepåverking
Menneske prøver å hindra flaumar ved å byggja diker og demningar. Dei kan òg auka flaumfaren ved å hogga skogar, slik at vatn flyt friare, eller drenera elvesletter, slik at ekstra vatn ikkje har nokon stad å gå.
Dersom det kjem ein flaum er det likevel lite menneske kan gjera for å hindra dei store vassmengdene. Dei kan bygga midlertidige hindringar med til dømes sandsekkar for å leia vatnet ein veg som gjer mindre skade, men elles må dei bare håpa at vatnet snart søkk.
[endre] Verknader
Flaumar kan gjera stor skade, enten ved at store mengder vatn fossar gjennom landet og riv med seg laust og fast, eller ved at vatnet blir liggjande og fører til vasskader på bygningar. Men dei kan òg gjera nytte ved å tilføra vatn til eit uttørka område eller næring til eit dyrkingsområde.
[endre] Statistisk sannsyn
Ein 100-årsflaum er rekna som den største flaumen ein kan vente i snitt kvart 100. år. Dette tyder i praksis at ein reknar det som 1 % truleg at ein så stor flaum kan skje i løpet av eit år. På same måte er ein 5-årsflaum storleiken på ein flaum som statistisk sett berre oppstår kvart 5. år, eller at det er 20 % truleg at han oppstår i løpet av eit år. Desse tala vert ofte brukt i samband med byggingsløyve, miljøregulering og forsikringssaker.
Ein 100-årsflaum førte i løpet av ei veke til store øydeleggingar i Europa i 2002.
[endre] Store flaumar
Storflaumar er ofte uventa hendingar som kan føra til store dødstal. Det finst mange mytologiske forteljingar om flaumar som utslettar verda, til dømes syndfloda i Bibelen.
[endre] Historiske flaumar
- 1931: Huang He (den gule elva) gjekk over breddane sine slik at mellom 800 000 og 4 millionar døydde i Kina.
- 1953: Springflo og dårleg vêr i Nordsjøen førte til flaum i Nederland og England. Over 2000 døydde, og flaumen førte til bygginga av sterkare diker i begge landa.
- 2005:
- I juni blei sørlege Alberta i Canada råka av ein av dei verste flaumane i landet nokon gong. 72 menneske blei drepne i løpet av tre veker med flaum.
- I juli blei over 700 drepne i den indiske delstaten Maharashtra og storbyen Mumbai etter kraftig, uventa monsunregn.
- I august blei New Orleans i den amerikanske delstaten Louisiana oversvømd då eit dike brast etter at orkanen Katrina hadde herja.
[endre] Flaum i Noreg
- 1789: Storflaum på Austlandet i juli 1789, den såkalla «Storofsen». Flaumen var på sitt verste 22.–23. juli 1789. Storofsen utgjorde eit slags «klimatisk klimaks» under den vesle istida på 16–1700-talet.
- 1967: Storflaum på Austlandet.
- 1995: «Vesleofsen», storflaum på Austlandet. Flaumen oversteig 1967-flaumen dei fleste stader i Glomma, men nådde ikkje nivået til 1789-flaumen.