Meteor-ekspedisjonen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Meteor-ekspedisjonen var ein tysk ekspedisjon i Atlanterhavet i 1925-1927. Han vart planlagt av professor Alfred Merz og leia av marinekapteinen F. Spiess. Dei gjorde oseanografiske undersøkingar i fleire snitt i det sørlege og ekvatoriale Atlanterhavet. Resultata frå ekspedisjonen vart grunnleggande for forståinga vår av vassmassane og sirkulasjonen i Atlanterhavet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«Meteor-ekspedisjonen» i Store norske leksikon, snl.no.