Metronom

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Gå til: navigering, søk

Ein metronom eller taktmålar er eit apparat som angir den tidsverdi ein bestemt noteverdi skal ha. Den lagar ein konstant, hørbar puls som ein kan nytte til å halde eit jamnt tempo.

Metronomen blei oppfunnen av Dietrich Nikolaus Winkel i Amsterdam i 1812, og blei forbetra av Johann Nepomuk Mälzel i 1816. Ein typisk metronom består av eit urverk med ein pendel med stillbar vekt og ein skala med siffer som angir tal på slag pr. minutt av pendelen.

Ordet metronom kjem av gresk metron som tyder «mål» og nom'os som tyder «lov».