Amsterdam

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Amsterdam (fleirtyding).
Amsterdam
Montelbaanstoren (1512) ved Oude Schans
Montelbaanstoren (1512) ved Oude Schans
Flagget til Amsterdam Byvåpenet til Amsterdam
Flagget til Amsterdam Byvåpenet til Amsterdam
Kallenamn
«Mokum»
Motto
«Heldhaftig, Vastberaden, Barmhartig»
(Tapper, Målbevisst, Miskunnsam)
Plassering
Plassering av  Amsterdam
Styresmakter
Land
Provinsar
Flag of the Netherlands.svg Nederland
Noord-Holland
Borgarmeister Eberhard van der Laan
Geografi
Flatevidd
 - By
   - Land
   - Vatn
 - Storbyområde

219 km²
  166 km²
  53 km²
1896 km²
Innbyggjarar[1]
 - Totalt (2007)
   - folketettleik
 - Byområde

743 411
  4 459/km²
1 468 122
Koordinatar 52°22′″N 4°53′″EKoordinatar: 52°22′″N 4°53′″E
Diverse annan informasjon
Nettstad: www.amsterdam.nl


Amsterdam er den største byen og offisiell hovudstad i Nederland. (Den Haag er imidlertid sete for regjering, parlament, statsoverhovud og alle ambassader og er altså landets verkelege hovudstad). Han er kalla opp etter elva Amstel, som renn gjennom byen. Byen er kjend for den historiske hamna, Rijksmuseum, og for red-light district (de Wallen), dei liberale kaffibarane som sel cannabis og dei mange kanalane som gjer at byen vert kalla «Nordens Venezia».[2]. Under den nederlandske gullalderen var Amsterdam ein av dei viktigaste hamnebyane i verda, var drivande innan utviklinga av handel og vart eit leiande senter for finans og diamantar.[3][4]

Byenvart grunnlagd seint på 1100-talet som ein liten fiskelandsby og har vokse til å verte den største byen i Nederland med om lag 745 000 innbyggjarar. Storbyområdet har 1 til 1,5 millionar innbyggjarar, avhengig av kor ein set grensene, edan Randstad-området (agglomerasjon av fleire store og mellomstore byar), som i alt har 6,5 millionar innbyggjarar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Kanalar i Amsterdam: Hjørnet av Prinsengracht og Bloemgracht ved Jordaan-området i Amsterdam. (Foto: «Jonik»)

Amsterdam vart grunnlagt på eit tidspunkt på 1200-talet da det fanst eit fiskarsamfunn på breddene åt elva Amstel. I 1204 oppførte Giesebrecht II, herre til Amstel, borga «t’Aemstel», og seinare anla son hans ein dam (demning) for å kunna lukke elva for vatn frå IJsselmeer. Dermed vart det laga ei naturleg hamn ved utløpet av elva Amstel.

Amstelledamme (det gamle namnet på Amsterdam) vart første gong omtala i 1275, da grev Floris IV av Holland gav byen visse privilegium. I 1296 kom byen, som herren av Amstel hadde hatt i len, direkte under greven av Holland. Den første forfatninga si fekk byen i år 1300, og i det følgjande århundret fekk Amsterdam utstrakte privilegium og voks særleg ved å bli ein tilfluktsstad for dei utviste kjøpmennene frå Brabant.

Byen tok ivrig del i handelen på Austersjøen. På Skånemarknaden var amsterdammarane dei mest framtredande mellom dei hollandske kjøpmennene. Som medlem av Hansaforbundet tok Amsterdam del i krigen mot Valdemar Atterdag. I 1482 vart byen erobra. På 1500-talet fekk byen eit nytt oppsving, ikkje minst ved den stadig aukande austersjøhandelen. Da den nederlandske fridomskrigen braut ut, heldt Amsterdam seg ei tid utanfor; først i 1578 slutta Amsterdam seg til opprøret. Da Antwerpen vart erobra av Spania og handelen der øydelagt, vart Amsterdam dermed kvitt den farlegaste konkurrenten sin, og på den tida byrjar den eigentlege storheitstida for byen.

Mot slutten av 1500-talet vart byen ein fristad for jødar, som mellom anna flykta frå Den spanske inkvisisjonen. Dei grunnla ein omfattande diamanthandel som byen har halde på sidan. Mellom 1585 og 1595 vart folketalet i Amsterdam mesta dobla.

1600-talet var byen ein av verdas leiande finans- og sjøfartsbyar og sentrum for den nederlandske kolonimakta. I 1602 vart Det ostindiske handelskompani oppretta, i 1621 Det vestindiske handelskompani; i 1622 hadde Amsterdam 100 000 innbyggjarar og var ein av dei største byane i Europa. Amsterdam gjorde kraftig motstand mot overgrepa frå stathaldarane. I 1650 prøvde prins Vilhelm II forgjeves å taka over byen, og likeleis var erobringstoget til Ludvig XIV av Frankrike i 1672 mislukka.

Ved midten av 1700-talet var Amsterdam den førande handelsstaden i Europa. I 1787 vart Amsterdam erobra av prøyssarane, i 1795 av Frankrike, og byen vart deretter gjort til hovudstad i Den bataviske republikken og frå 1808 i Kongeriket Holland. Da dette i 1810 vart lagt under det franske keisarriket, vart Amsterdam den tredje største byen der. Etter den vesentlege nedgangen i handel og folketal som napoleonstida medførte, vart det igjen ei sterk utvikling, og Amsterdam vart atter ein av verdas rikaste byar.

Folketalsutvikling[endre | endre wikiteksten]

  • 1300: 1 000
  • 1400: 3 000
  • 1500: 12 000
  • 1600: 60 000
  • 1650: 140 000
  • 1796: 200 600
  • 1830: 202 400
  • 1849: 224 000
  • 1879: 317 000
  • 1899: 510 900
  • 1925: 714 200
  • 1999: 727 100

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Amsterdam

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Statline
  2. Amsterdamhotspots.nl. Vitja 19. april 2007.
  3. [1] Capitals of Capital -A History of International Financial Centres - 1780–2005, Youssef Cassis, ISBN-13: 9780521845359
  4. Historia til diamantmarknaden i Amsterdam


 
Kommunar i provinsen Noord-Holland i Nederland
Flag North-Holland, Netherlands.svg

Aalsmeer | Alkmaar | Amstelveen | Amsterdam | Andijk | Anna Paulowna | Beemster | Bennebroek | Bergen | Beverwijk | Blaricum | Bloemendaal | Bussum | Castricum | Den Helder | Diemen | Drechterland | Edam-Volendam | Enkhuizen | Graft-De Rijp | Haarlem | Haarlemmerliede en Spaarnwoude | Haarlemmermeer | Harenkarspel | Heemskerk | Heemstede | Heerhugowaard | Heiloo | Hilversum | Hoorn | Huizen | Landsmeer | Langedijk | Laren | Medemblik | Muiden | Naarden | Niedorp | Noorder-Koggenland | Obdam | Oostzaan | Opmeer | Ouder-Amstel | Purmerend | Schagen | Schermer | Stede Broec | Texel | Uitgeest | Uithoorn | Velsen | Venhuizen | Waterland | Weesp | Wervershoof | Wester-Koggenland | Wieringen | Wieringermeer | Wijdemeren | Wognum | Wormerland | Zaanstad | Zandvoort | Zeevang | Zijpe