Midnight Ride av Paul Revere & The Raiders

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Midnight Ride
Studioalbum av Paul Revere & the Raiders
Språk engelsk
Utgjeve 6. mai 1966
Innspelt 1966
Sjanger Poprock, rock and roll, garasjerock, proto-punk
Lengd 29:08
Selskap Columbia
Produsent Terry Melcher
Paul Revere & the Raiders-kronologi 
Just Like Us!
(1966)
Midnight Ride The Spirit of '67
(1966)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic3/5 stars[1]

Midnight Ride er det femte studioalbumet til den amerikanske poprockgruppa Paul Revere & the Raiders, gjeven ut av Columbia Records (CS 9308) den 6. mai 1966. Det vart produsert av Terry Melcher og inneheldt den amerikanske hitsingelen «Kicks[2] Albumet inneheld òg «(I'm Not Your) Steppin' Stone», ein song The Monkees spelte og fekk ein hit med i 1967.[3]

Albumet er unikt i banddiskografien deira, sidan deet inneheld songar skrivne av alle dei fem medlemmane i bandet.[4] Stilmessige endringar og krangling om kven som skulle få sine songar med på albumet, førte til at sologitaristen Drake Levin slutta etter dette albumet kom ut.[4] Albumet markerte òg slutten på forholdet deira med songforlagshuset Brill Building, der «Kicks» og «(I'm Not Your) Steppin' Stone» vart skrivne.[5]

Utgjeving og mottaking[endre | endre wikiteksten]

Midnight Ride nådde niandeplassen på den amerikanske Billboard 200-lista.[6] 20. mars 1967 hadde albumet seld til gullplate.[7] Musikkritikaren Bruce Eder sa at albumet «markerte høgdepunktet til Paul Revere & the Raiders som ei kjelde til flotte album.»[4]

Albumet er med i boka 1001 Albums You Must Hear Before You Die av Robert Dimery og Michael Lydon.[8]

I 1986 vart songen «Kicks» spelt av The Monkees på albumet Then & Now... The Best of The Monkees.

Midnight Ride vart nymastra og gjeve ut på ny den 1. februar 2000 av Sundazed Records med bonusspor.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Kicks»Mann, Weil2:28
2.«There's Always Tomorrow»Levin, Smith2:39
3.«Little Girl in the 4th Row»Lindsay, Revere2:58
4.«Ballad of a Useless Man»Levin2:08
5.«(I'm Not Your) Steppin' Stone»Boyce, Hart2:31
6.«There She Goes»Lindsay, Revere1:47
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
7.«All I Really Need Is You»Lindsay, Revere3:27
8.«Get It On»Levin, Volk3:12
9.«Louie, Go Home»Lindsay, Revere2:41
10.«Take a Look at Yourself»Lindsay, Revere1:48
11.«Melody for an Unknown Girl»Lindsay, Revere1:59
Bonusspor på CD-utgåva frå 2000
Nr.TittelLengd
12.«Shake It Up» 
13.«Little Girl In The 4th Row» (italiensk versjon) 
14.«SS 396» 
15.«Corvair Baby» 

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1966) Plassering
U.S. Billboard 200[6] 9

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • Mark Lindsay – solovokal (1, 3-7, 9-11)
  • Drake Levin – sologitar, korvokal, tekst i omslaget
  • Paul Revere – orgel, korvokal, arrangør
  • Phil «Fang» Volk – bassgitar, kor- og solovokal (8), tekst i omslaget
  • Mike «Smitty» Smith – trommer, solovokal (2)
  • Hal Blaine – trommer på «Kicks»
Teknisk
  • Bob Irwin – mastering
  • Terry Melcher – arrangør, produsent
  • Rich Russell – design

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Allmusic review
  2. «Paul Revere & the Raiders - Charts & Awards - Billboard Singles». Allmusic (Rovi Corporation). Henta 2. mai 2018. 
  3. «The Monkees - Charts & Awards - Billboard Singles». Allmusic (Rovi Corporation). Henta 2. mai 2018. 
  4. 4,0 4,1 4,2 Eder, Bruce. «Midnight Ride - Review». Allmusic (Rovi Corporation). Henta 2. mai 2018. 
  5. Dominic, Serene. «Phoenix Music - Paul Revere and the Raiders». Phoenix New Times (New Times Media). Arkivert frå originalen 3. november 2012. Henta 2. mai 2018. 
  6. 6,0 6,1 «Paul Revere & the Raiders - Charts & Awards - Billboard Albums». Allmusic (Rovi Corporation). Henta 2. mai 2018. 
  7. «RIAA - Gold & Platinum». RIAA. Arkivert frå originalen 26. juni 2007. Henta 2. mai 2018. 
  8. ^ Robert Dimery; Michael Lydon (23. mars 2010). 1001 Albums You Must Hear Before You Die: Revised and Updated Edition. Universe. ISBN 978-0-7893-2074-2.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]